Staten kan kome til å bryte avtale

Løyvingane over statsbudsjettet for 2010 til NAV er blitt sterkt kutta. Det kan mellom anna gå ut over Muritunet og 14 andre rehabiliteringssenter som har inngått avtale om arbeidsretta rehabilitering.

4. mars 2010
Britt Ingunn Maurstad

Bruttoavtalen mellom Muritunet og NAV utgjer om lag 8 millionar kroner, fortel direktør Arne Sandnes.

I oktober 2009 inngjekk Muritunet ein avtale med NAV om arbeidsretta rehabilitering, 14 døgnplassar med elleve inntak i året. Bruttoverdien på avtalen er om lag 8 millionar kronar.
– Vi følte vi hadde gjort eit varp. Vi var eitt av 15 rehabiliteringssenter på landsbasis som fekk ein slik avtale, i konkurranse med nesten 50 andre, seier administrerande direktør ved Muritunet, Arne Sandnes.

Driftsgrunnlag
Avtalen utgjer ein stor del av driftsgrunnlaget dei neste åra, og det var med undring dei mottok rykta om at avtalen kan hende ikkje var så verdfull som dei først trudde. Rykta gjekk ut på at NAV Møre og Romsdal manglar pengar. Saka vart teken opp med Arbeids- og velferdsdirektoratet som var ukjent med forholdet, den er også følgt opp via arbeidsgjevarorganisasjonen HSH. Biletet som danna seg, var at dette ikkje berre var NAV Møre og Romsdal som mangla pengar, men at det var NAV sentralt som manglar pengar til å innfri sin del av avtalen.
– Eg har forståing for at NAV er avhengig av løyvingar over statsbudsjettet slik at NAV no har mindre pengar til disposisjon. Samstundes vil eg presisere at kritikken ikkje er retta mot NAV Møre og Romsdal, dei har opptredd på ein ryddig måte, men dei er naturleg nok prisgjevne det som skjer sentralt. Han legg til at det er eit tankekors at Muritunet som tilbydar har leveringsplikt medan staten ikkje har kjøpeplikt og derfor kan velje om dei vil kjøpe eller ikkje.
– Eg er vand med at ein avtale inneber ein gjensidig forplikting. Situasjonen blir derfor ekstra uhaldbar viss det viser seg at vi må halde desse plassane opne til einkvar tid, i tilfelle staten finn det for godt å nytte dei, seier Sandnes.
Det har den siste tida vore diskusjonar om korleis ein kan få ned det høge sjukefråveret som vi har her i landet og korleis ein kan få folk raskare attende i arbeid, ei sak som har vore flagga høgt av både statsminister og ulike statsrådar.
– Derfor er det eit stort paradoks at når vi leverer tiltak som faktisk får folk raskare i arbeid, så er staten ikkje villige til å løyve dei midlane som skal til.
Sandnes set no sin lit til revidert nasjonalbudsjett, og det blir arbeidd aktivt politisk opp mot staten for å få til større løyvingar her.
– Brått og uventa kom vi i ein situasjon som er uheldig både for Muritunet og ikkje minst for pasientane våre, men eg håpar og trur på at det blir ei løysing, avsluttar Sandnes.

Ingen kommentar
Storfjordnytt har vore i kontakt med Arbeids- og velferdsdirektoratet, men derifrå er det ingen kommentar utover at det stemmer at løyvingane for i år er lågare enn for i fjor.