Det går mot omlegging av rutene

Dagen for ei avgjerd nærmar seg. Måndag 15. mars skal Fjord1 Buss Møre avgjere korleis bussrutene – og også skulerutene – vil bli framover. Planane er lagt, men det har vore mykje diskusjon i bygdene om dei endringane som vil kome.

11. mars 2010
Britt Ingunn Maurstad

Ein av skulebussane blir truleg bytta ut med kombibussen i Eidsdal.

Etter at Storfjordnytt skreiv om saka i førre veke, så har enkelt sjåførar vore i kontakt med oss og gitt uttrykk for sin frustrasjon over dei planane som dei har vorte presenterte i møte med busselskapet.
Det er særlig bruken av kombien, som vekkjer oppsikt blant sjåførane. Slik dei har fått skissert opplegget frå busselskapet, skal kombien nyttast til transport av både varer og skuleelevar, noko dei fryktar vil gje eit dårlegare tilbod til både skuleelevane og dei som er avhengige av kombien for frakt av varer. Enkelte har gått så langt som å antyde at dei kan hende må vurdere jobben sin om endringane slik dei er skisserte, faktisk blir vedtatt.

– Ikkje lett
– Det er ikkje med lett hjarte vi legg om og kuttar i eit rutetilbod som allereie er nokså skrint, men hadde fylkeskommunen løyvt nok pengar til samferdsel og då spesielt til bussdrift, så hadde desse endringane aldri skjedd, seier Svein Ivar Aarskog i Fjord1 Buss Møre AS.
Han legg til at når fylkeskommunen kuttar sine løyvingar med tre prosent, så må selskapet finne andre løysingar for å kunne bevare rutetilbodet innanfor dei nye rammene.
Aarskog seier at den løysinga dei no har kome fram til, sjølvsagt vil ha negative konsekvensar for nokre, men at det også er positive sider ved omlegginga. Han skjønar at dei som går på Stranda vidaregåande og som må byrje dagen sin ein halv time tidlegare, reagerer på det ettersom bussen vil gå 07:05. Det positive ved omlegginga er at det no vil bli minibuss på Lingereiten slik at skuleelevane som bur der får ein betre og tryggare skuleskyss enn i dag. Tanken er at minibussen også skal nyttast til elevane på Lingeåsen som no blir henta med drosje.

Tidlegare avgang
Det vil også bli sett opp ein buss frå Valldal klokka 06:05, noko som betyr at dei elevane som går på skule i Ålesund, ikkje lenger vil kome for seint.
– Faktisk vil det bli mogleg å til og med gå på Latinskulen og framleis bu heime i Valldal, seier Aarskog.
Det vil også vere korrespondanse til Timeekspressen, togbussen til Åndalsnes og Mørelinjen (til Trondheim) med den nye planen.
– Det nye opplegget er godt kvalitetssikra, og vi har i heile prosessen hatt ein god dialog med dei tillitsvalde. Det har heile tida vore eit mål å omdisponere materiell framfor å kutte i timar, noko eg synest vi har klart, avsluttar Aarskog.