Fylkesveg 63 mellom Eidsdal og Møllsbygda har vore stengt heile veka på grunn av ras, og det er framleis uvisst når vegen blir opna att. Også vegen mellom Geiranger og Homlong er stengt på grunn av ras.
Måndag morgon hadde det gått ras på fylkesveg 92 mellom Fjørå og Tafjord, men vegen vart opna utpå formiddagen same dag.
Nattestenging
På grunn av tryggleiken til innbyggjarane, har mange vegar i kommunen vore nattestengte natt til onsdag.
Fylkesveg 92 mellom Fjørå og Tafjord og fylkesveg 91 mellom Eidsdal og Norddal samt den kommunale vegen mellom Hesthaug og Kilsti vart alle nattestengte tysdag kveld.
Dei siste rapportane som låg føre då Storfjordnytt gjekk i trykken, er at det ser ut til at vegane vil vere nattestengte også natt til torsdag.
Beredskapsleiar i Norddal kommune, ordførar Bjørn Inge Ruset, seier at det fram til torsdag er mogleg med båtskyss dersom det skulle bli naudsynt, det er Vidar Hareide som då stiller opp.
Dersom det skulle oppstå heilt spesielle situasjonar som til dømes fullstendig isolasjon av enkelte bygder, er det mogleg for kommunen å bestille transport frå fylket. Turnuslistene innan pleie og omsorg vil også bli rokkert om på for å sikre bemanninga no når vegane kan bli stengte på kort varsel.
Skuleelevane
Rasfaren har fått følgjer også for skuleelevane i kommunen. Elevane frå Tafjord hadde onsdag undervisning på Tafjord skule og ungdomsskuleelevane frå Norddal møtte opp på Dalsbygda skule. Status for skuleelevane onsdag ettermiddag, er at dei også torsdag skal ha undervisning i sine heimbygder.
Ei avgjerd om ordninga skal halde fram også fredag, blir teken utpå dagen torsdag, seier ordføraren.
Høg beredskap
Seksjonssjef i Statens vegvesen, Ivar Hol, seier til Storfjordnytt at beredskapen er høg og at eventuell opning av dei stengte vegane blir vurdert fortløpande. NGI vurderer rasfaren til 4 på ein skala frå 1 til 5, slik at tryggleiken både til innbyggjarar og mannskapa våre er det vi er mest opptatt av foreløpig, seier han.
I Stordal er Arena Overøye stengt inntil vidare på grunn av rasfaren. Det blir heller ikke køyrt opp løyper i Langsæterområdet før rasfaren blir redusert.
Bruk vitet
Til slutt oppmodar ordføraren alle om å bruke vitet når dei
ferdast ute no når rasfaren er så stor.
Sjølv om vegane er opne, bør ein ikkje ferdast meir enn naudsynt, seier han.
|
|
|