God lokal innsats |
||||||||
![]() |
Det som frå morgon-en av såg ut til å bli ein grå og tung dag med attsnødde løyper og umoglege smørjeforhold, vart i staden eit svært vellukka avvikla renn for Stordal IL. | |||||||
|
||||||||
Lars Anders Hoel frå Valldal IL gjekk heilt til topps i klassa for menn 19 og 20 år.
|
||||||||
| Idet dei fyrste startande gjekk ut i nypreparerte løyper etter nattas og formiddagens snøfall, braut sola gjennom og gav løparane flotte forhold på Stavsengfjellet sist laurdag. Med 170 startande frå heile fylket er det eit stort arrangement Stordal IL tar på seg kvart år, men etter laurdagens renn kan dei sjå tilbake på enno eit godt gjennomført skirenn. Lokale løparar var godt representerte og plasserte seg høgt på resultatlistene. Lars Andreas Hoel frå Valldal IL vann si klasse, menn 19/20. Han meinte han var komen seint i form i år, men var fornøgd med løpet sitt og såg fram til Birkebeinerrennet førstkommande helg. Dit skal også Siv Kristin Tafjord frå Eidsdal IL, som så mange andre frå området. Ho måtte gå utan konkuranse i si klasse på laurdag, men tok rennet som ei god oppvarming til ”Birken”. I jenteklassa 14 år, måtte Tiril Olin Vestre Røkke sjå seg slått med fattige tre sekund av Ingvill Aasheim frå Isfjorden. Seniorklassa for menn vart, ikkje uventa, vunnen av Pål Bjørn Øvrebust frå Stordal IL. Jon Kåre Løvoll frå Eisdal IL kom eit lite minutt bak i den ni kilometer lange løypa. |
||||||||