| Det er lett å samle folk her, sa Inge Bjørdal, næringssjef i Stranda, som tok ordet etter at rådmann Ann Krtistin Langeland hadde ønskt folk velkomen.
Attrraktive lokalsamfunn
Kommunal- og regionaldepartementet har ein pott på 32 millionar kroner til prosjekt som kan auke busetjinga og sette i gong interessante prosjekt i distrikta. Dette orienterte Inge Bjørdal om samstundes som han minte om at folketalet går ned i bygdene og at det ikkje er mange industriarbeidsplasser igjen.
Denne kvelden skulle folket i Liabygda finne ut om dei skulle sende inn ein søknad til eit forprosjekt og idémyldre om kva dei kunne gjere for å auke busetjinga og gjere bygda meir attraktiv for nye etablerarar. Næringssjefen sette opp køyrereglane for idémyldringa og gav ordet til Astrid Eide Stavseng frå Stranda kommune som viste fram reguleringsplanene og kvar ein har høve til å byggje og bu.
Bygd med mange kvalitetar
Folket delte seg inn i grupper, og gikk laus på å ramse opp dei sterke sidene til bygda og moglegheitene. Liabygda ligg fint og trygt til med liten avstand til sentrum av kommunane omkring. Det var dei fleste einige i. I tillegg finst det billege, byggjeklare tomter. Ikkje er det rasfare og heller ikkje er bygda truga av bølgja som kan kome etter ras frå Åknesrenna. Her er naturen på sitt ypperste og med rikeleg av turmoglegheiter for dei som likar det.
Så var gruppene i gang. Det aula med fordelaktige ting ein kunne seie om bygda. Eit positivt syn på seg sjølv er greit å ha med seg når ein skal ut å selje seg sjølv, vart det også seinare konkludert med. Alle laga og organisasjonane i bygda vart trekte fram, saman med den gode skulen dei har. Den solrike plasseringa og utsikta bygda kan tilby, er kan hende varemerke nummer ein.
Gruppene skreiv så blekket spruta og på eit av borda seier Einar Lied at: Her i Liabygda er det trygt å bu, vi har eit godt samhald, god barnehagedekning og omsorgsbustader. Her vert vi tatt godt vare på heile vegen, var dei einige om på det bordet.
Gjere det sjølv
Næringssjefen sirkulerte mellom borda og høyrde på kva folk snakka om. Han sa i byrjinga av møtet at målet for denne kvelden var å finne ut om Liabygda skulle søkje midlar til eit forprosjekt og i så tilfelle, velje ut folk som skulle drive søknaden fram. Stranda kommune skulle sjølvsagt hjelpe til med dei kunne, men det var bygda sjølv som måtte gjere mesteparten, var has klare bodskap. Ein slik søknad må innehalde nye tankar og gjerne slik at dei kan nyttast av andre andre, andre stadar, kunne Inge Bjørdal leggje til. Søknadsfristen er 10. april, så dei har ikkje lange tida på seg.
Moglegheiter
Korleis greie å utnytte gjennomgangstrafikken er eit kjent tema frå nabokommunen i aust, og vart nemnd som moglegheit. Stoppunkt og informasjon til dei vegfarande på Skagen og gjennomgangsbustader var noko mange hadde med på lista si. Å leggje til rette for industri og bustadbygging, bli flinkare til å marknadsføre seg sjølv og kanskje ha ein ambassadør til slike oppgåver. Utnytte skianlegg betre, mat og tradisjon, ja her var det mykje ein kunne ta fatt i.
Kvar gruppe fekk nokre minutt til å presentere løysingar. Tida gjekk fort. Då den seansen var over, ville Inge Bjørdal vite om ein slik søknad skulle startast på og om det var nokon som ville vere med i gruppa som kunne arbeide den ferdig. Sjølv om det kanskje var nokon som hadde lyst, visste dei betre enn å foreslå seg sjølve, så det var stille ei lita stund.
Men søknad ville dei sende og det blei etter kvart foreslått personar som kunne starte jobben på søknaden og til slutt fekk dei til ei gruppe på fem til å gå laus på oppgåva. Desse er: Kjell Martin Ringset, Egil Stavseng, Astrid Gjerde, Einar Lied og Astrid Eide Stavseng.
|
|
|