Krass kritikk av kontrollutvalet

Rådmannen kom med krass kritikk av kontrollutvalet i kommunestyremøtet i mars.

8. april 2010
Tiril Rem

Rådmann Stig Holmstrøm sa at kontrollutvalet av og til gjer vedtak som kan oppfattast som kritikk av administrasjonen utan at det er grunnlag for det. Arkivfoto

Kritikken kom i samband med referatsakene der møteboka frå kontrollutvalsmøtet frå 12. februar 2010 var referert.
Innleiingsvis sa Stig Holmstrøm at kontrollutvalet er eit viktig organ som skal føre tilsyn med forvaltinga. Han viste til at han sjølv har site som leiar i kontrollutvalet i Vestnes kommune (2003/2004) og har vore leiar i styret for Distriktskontrolluvalet nr 2 (romsdalskommunane). Han meinte difor å vite korleis eit kontrollutval skal opptre.

– Unøyaktig protokoll
Kontrollutvalsleiar Arne Sandnes var ikkje til stades i kommunestyret, men rådmannen sa at både han og dagleg leiar i kontrollutvalssekretariatet, Harald Rogne, alt var informerte om synspunkta hans.
– Eg har påpeikt unøyaktig protokollføring og saksnummer, noko som gjev eit inntrykk av litt for lett sakshandsaming i førebuingane til kontrollutvalet. Det andre eg har påpeikt, er at utvalet gjerne må ta opp saker under eventuelt, men at ein bør vere varsam med å gjere vedtak i dei sakene.
Stig Holmstrøm sa òg at kontrollutvalet av og til gjer vedtak som kan oppfattast som kritikk av administrasjonen utan at det er grunnlag for det.
– Om saka hadde vore førebudd, kunne det ha vore sjekka ut. Ei anna sak eg undrar meg over, er når det i saker under eventuelt blir laga ei slags saksutgreiing i etterkant. Det framstår som underleg, sa rådmannen og la til at kontrollutvalet skal vere varsam med å prøve på politiske omkampar.
Han undra seg òg over at kontrollutvalet gjorde eit vedtak om at resultatavtalen til rådmannen burde vurderast etter offentleglova.
– Det eine er at eg ikkje veit om det finst kommunar som offentleggjer slike avtalar. Det andre er at vedtaket om gradering av dokumentet vart gjort av politikarane i formannskapsmøtet. Det kan ikkje rådmannen overprøve, sa Stig Holmstrøm.

–Teken på senga
Nestleiar i kontrollutvalet, Signe Brenna (Nl), vart teken på senga av kritikken som rådmannen reiste, og var overraska over det rådmannen kalla politisk omkamp.
– Det er ingen politisk omkamp, men vi ville ha avklart kva dokument som er offentlege og ikkje. Når det gjeld resultatavtalen til rådmannen, handlar det om konkrete papir. Her verka det som om formannskapet hadde hemmelegstempla noko som vi meinte ikkje skal vere det. Slik er arbeidet vårt i kontrollutvalet: Å følgje med på at offentleglova blir brukt som ho skal, sa Signe Brenna.
Stig Holmstrøm sa han var glad for at det ikkje dreidde seg om ein politisk omkamp om kor vidt resultatavtalen skulle offentleggjerast eller ikkje. Han meinte likevel at dette kunne ha vore sjekka med administrasjonen på førehand.

– Overraska over form og styrkje

Kontrollutvalsleiaren seier at han i utgangspunktet vart overraska over utspelet frå rådmannen både i form og i styrkje.
– Kanskje mest over at ein offentleg tenestemann, i dette tilfellet den fremste i Norddal kommune, offentleg refsar eit folkevalt organ. Det er ikkje dagleg kost. Dette er så spesielt at vi i kontrollutvalet har drøfta saka og har avtalt eit møte med ordførar og leiinga i kommunerevisjonsdistriktet.

Ingen kommentar
Arne Sandnes vil ikkje på noverande tidspunkt kommentere innhaldet i kritikken.
– For det første var eg ikkje til stades og fekk høyrt kritikken frå rådmannen sjølv. For det andre vil vi ha dette møtet med ordføraren først.
Kontrollutvalsleiaren seier likevel at han er overraska over kritikken etter møtet 12. februar 2010. Då var nemleg dagleg leiar i Kommunerevisjonsdistrikts nr 3, Kjetil Bjørnsen, og advokat Kjetil Kvammen til stades saman med Harald Rogne frå kontrollutvalssekretariatet.
– Tre fagpersonar var altså saman med oss under heile møtet. Ingen av dei hadde merknader undervegs, og dei er rådgjevarar som skal kvalitetssikre alle forhold i dette arbeidet.

Var informert
Arne Sandnes meiner det er spesielt at rådmannen har så mykje å kritisere, sjølv om alle kan gjere feil.
– Kontrollutvalet kan sjølvsagt òg gjere feil og har sikkert eit forbetringspotensial på same måte som sekretariet. Når fagfolk som er til stades i møtet, ikkje peikar på feil, er kritikken frå rådmannen sterk kost.
– Stemmer det at du var informert om synspunkta til rådmannen før kommunestyremøtet?
– Ja, han ringte og la fram noko av kritikken, men eg visste ikkje at han skulle ta det opp i kommunestyret. Eg hadde forfall til møtet fordi eg var i utlandet, seier Arne Sandnes.
Kontrollutvalet i Norddal har følgjande medlemmer: Arne Sandnes (Sp), Signe Brenna (Nl) og Frank Iversen (Ap).

– At den fremste offentlege tenestemannen i kommunen offentleg refsar eit folkevalt organ er ikkje dagleg kost, seier kontrollutvalsleiar Arne Sandnes.