Trafikkfarleg på Dyrkorn

Trafikken gjennom Dyrkorn er til tider stor, men trafikk-tryggleiken er det så som så med. Då Storfjordnytt var på synfaring, var det berre eitt køyretøy som såg ut til å halde 50-grensa sånn noko lunde.

15. april 2010
Britt Ingunn Maurstad

Slik ser 50-sona gjennom Dyrkorn ut.

På rv 650 mellom Stordals- og Dyrkorntunnelen er det som dei aller fleste veit, ei 50-sone. Men som mange også veit, er det dei færraste som held fartsgrensa på denne staden, noko som gjer det vanskeleg – og ikkje minst farleg – for dei som bur på Dyrkorn å kome seg ut på vegen.
I krysset nærast Stordalstunnelen, altså der den kommunale vegen Flåen kjem inn på riksvegen, er det i tillegg dårlig sikt. Autovernet er rett og slett for høgt og/eller for kompakt slik at det ikkje er mogleg å sjå om nokon er på veg ut av tunnelen.

Dobbel sperrelinje
– Tilhøva her på Dyrkorn har vore tatt opp med vegvesenet mange gongar og det einaste det har resultert i, er disse rumlefelta i tunnelopningane. Eg undrast på kva for risikovurdering vegvesenet har gjort her, seier Rune Støversten, ein av dei som bur på Dyrkorn.
– Kva meiner du må til?
– Skilting med farleg kryss og dobbel sperrelinje ville nok ha hjelpt. Og i krysset kommunal veg Flåen/rv 650 så må det iallfall kome opp ein spegel om dei ikkje kan gjere noko med til dømes høgda på autovernet. Og så såg vi at i dei periodane det var radarkontroll, så var folk flinkare til å halde fartsgrensene. Kan hende det hadde gjort seg med ein fotoboks, undrar han.
I tillegg etterlyser han det blå skiltet som fortel at bygda heiter Dyrkorn.
– Bygda var skilta før, men etter at tunnelane kom, så har det forsvunne. Det hadde vore fint å fått det opp att.
Støversten seier at det er vi som bur i området, som er dei verste fartssyndarane saman med tungtransporten.
– Det som er det aller verste, er alle forbikøyringane som blir gjort her i 50-sona. Dei fører til mange ekstra trafikkfarlige situasjonar, seier han.

Brev til fylket
Ettersom ansvaret for “øvrige riksvegar” vart flytta til fylket frå og med 1. januar i år, orienterte ordførar Charles Tøsse på førre kommunestyremøte at han vil sende brev til fylket.
Det er no gjort og i brevet til samferdsledirektøren i Møre og Romsdal fylke ber ordføraren om ei at sak om trafikktilhøva på Dyrkorn blir lagt fram for samferdsleut-valet.
Han seier at ulike løysingar har vore skisserte overfor Statens vegvesen, både gjennom synfaring, samtalar og annan korrespondanse. Dette har så langt ikkje resultert i anna enn rumlefelta. Ein spegel for å betre sikta i det eine krysset, blir av vegvesenet sagt å gje ei falsk tryggleik.
I brevet til fylket gjer Tøsse det heilt klart at større fysiske endringar må vurderast og at dobbel sperrelinje saman med betre skilting må gjennomførast straks. Tøsse skriv også at utplassering av fotoboksar truleg er den løysinga som kan bidra til eit vesentleg endra trafikkbilete på staden.