I helga inviterte Valldal hornmusikklag dei to andre korpsa på begge sider av fjorden til felles øvingshelg med innlagt fotballturnering for tredje år på rad. Ikkje berre var instruktørane nøgde. Somme musikantar meinte at korpshelga bør arrangerast to gonger i året.
Hornmusikklaget håper med dette å styrkje korpslivet i kommunen, byggje sosiale nettverk mellom korpsa og bygdene, fremje speleglede og forhåpentlegvis rekruttere fleire musikantar til vaksenkorpset.
Øving, øving, øving
Fredag kl 18.30 møttest musikarar frå Eidsdal musikkorps, Valldal hornmusikklag og Valldal skulekorps til første fellesøving. Tre stykke stod på programmet: ”Eye of the Tiger”, ”Norwegian Sunset” (frå Flåklypa-filmen) og ”5EFunk”. Stolane fylte om lag halve gymsalen med ei solid slagverkrekkje som siste skanse.
Laurdag føremiddag stilte musikantar frå hornmusikklaget som instruktørar. Gruppene fylte gymsalen, kulturskuleromma, musikkrommet, kantina og eitt av dei nye klasseromma på skulen.
Verst arbeidstilhøve hadde nok treblåsen i eit varmt kulturskulerom med slagverkgruppa som næraste nabo i salen. Klaga dei på det? Nei, ikkje på det, men på repetisjonsteikna som vart skrivne inn på ”Eye of the Tiger”.
I kantina var grovmessingen i ferd med å gjere seg ferdig med ”5EFunk”.
Vi tek han ein gong til frå toppen, seier dirigenten.
Lovar du å ikkje stoppe då, kjem det frå ein ung gut som lengtar etter pause og kanskje ein tur i ballbingen.
Trio i trappa
Med den siste pølsa vel innabords finn vi tre jenter i trappa ned til vaskerommet på Valldal skule. Det er første gong valldalsmusikantane er med på øvingshelg saman med Eidsdal musikkorps. Hege Hovden tok til i Valldal skulekorps i haust. Andrea Sunde og Kristiane Søreng Sandnes kom inn i korpset etter nyttår.
Dei synest det er morosamt med så mange musikantar samla.
Det er kjekt å vere saman og bli kjent med nye, er dei tre samde om.
I felleskorpset som samlar om lag 100 musikantar, har dei fleste fått nye sidegutar og -jenter.
Det eg synest er kjekt, er at vi spelar kulare musikk, seier Hege.
Fotballturneringa dei var med i laurdagsettermiddagen var òg populær. Då er borna saman på ein annan måte. Laga er samansett på tvers av kjønn, alder og korps.
Kva synest de om at dei vaksne er med?
Dei hjelper oss når vi kjem ut av det, seier Andrea.
Kva er kjekkast med korpshelga?
Samspelet og at vi er så mange i lag, meiner trioen i trappa.
Gjeng i hjørnet
I kantina har nokre ungdommar samla seg i eit hjørne. Snart må dei fleste av dei gå for å øve på det Eidsdal musikkorps skal framføre på konserten.
Kva dei synest om korpshelga?
Kjekt!
Artig!
Sosialt!
Kult!
Dei fire karakteristikkane kjem frå like mange personar. Dei går i 9. og 10. klasse eller i første vidaregåande og har difor vore med på alle dei tre felles korpshelgene som har vore arrangerte.
Det er positivt og kjekt å ha med fleire erfarne folk. Det er lettare å få hjelp, seier Iselin Indreeide om å spele med fleire vaksne.
Kult! seier Eirik Eliassen endå ein gong.
Korpskafé
Valldal skulekorps opna korpskafeen med “Golden Hits for Kids”, eit stykke med fire kjende popmelodiar, og slutta med Michael Jackson-låten “Black or White”. Dirigent Anders Jørgen Gjerde sa at dei fekk ti nye musikantar over nyttår og har lagt lista for musikkvalet etter det.
Eidsdal musikkorps opna med “E’ Spentstig” og “One Day”, spelte ein salme om Josef og Maria, før dei avslutta med “Eternal Flame” og ein rytmisk “Dance Story” til slutt. Ingeborg Tafjord (horn) og Ingrid Birgitte Løvoll (kornett) gjorde begge gode soloprestasjonar.
Både scena og det som var att av ledig plass i salen, var full av publikum. Responsen var god. Visst nok ikkje berre fordi dei fleste var i slekt med ein av dei som spelte.
Dei var flinke, understreka ei bestemor etterpå.
|
|
|