| Astor Furseth fekk måndag gullmedaljen etter ”kongelig befaling” for sin mangeårige innsats innanfor skredforsking.
Ei bragd
Det er ikkje kven som helst som gjer seg fortent til Kongens fortenestemedalje i gull.
Fylkesmann Lodve Solholm byrja med å lese opp kriteria for å få tildelt medaljen i sølv. Berre det å få han er ei bragd, og vilkåra for gullmedaljen er endå strengare. Solholm sa det var Norddal kommune som hadde tatt initiativ til å heidre Astor Furseth med Kongens fortenestemedalje. Kommunen ba om gullmedaljen og fekk han.
Personleg er det ei stor glede å kunne etterkome Hans Majestet Kongens befaling om å gje deg denne utmerkinga, sa Solholm.
Du vil også bli invitert til Slottet for ei markering der slik at du personleg kan takke Hans Majestet for tildelinga, avslutta han.
Astor har vore særs sentral i arbeidet med Nasjonal skreddatabase og Norddal kommune er svært stolte over at du no får ei slik utmerking for arbeidet du har lagt ned. Vi vonar vi kan stø oss på deg også i framtida, sa ordførar Bjørn Inge Ruset.
Overraska
Litt utilpass såg han ut til å vere i byrjinga, Astor Furseth. Han syntest det var utruleg at nokon har lagt merke til arbeidet han har gjort innan skredforsking og ikkje minst at han skulle få slik heider for innsatsen. Han takka også kona si, Anna, for hennar støtte opp gjennom åra. I tillegg hadde begge ungane hans trossa oske, snø og vanskelege køyreforhold for å vere til stades under den høgtidelige markeringa.
Eg vart ganske overraska då eg fekk beskjed om denne utmerkinga. Det var uventa, for eg visste ikkje noko om initiativet til Norddal kommune, seier Astor sjølv.
Mest overraska er han over at kommunen har følgt så godt med på det han har gjort, for det aller meste av arbeidet har gått føre seg i det stille.
Skredforsking sidan 1979
Arbeidet med å kartleggje skred byrja han med då han oppdaga at det har vore forska på mykje rart, men ikkje skred. Han byrja med å undersøke skreda i nærområdet allereie i 1979, men enda altså opp med å samarbeide med NGU i arbeidet med å utvikle den nasjonale skreddatabasen og har vore tilknytt NGU i nærare 20 år.
Når eg først hadde starta med dette, kunne eg like godt ta heile landet, men det har vore eit vanvittig stort arbeid, seier han. Skreddatabasen inneheld informasjon om 4200 skredulykker, alt frå snø- og jordskred til stein skred, store og små.
Korleis går du fram i dette arbeidet?
Då eg byrja arbeidet og tok føre meg Tafjordulykka, intervjua eg overlevande og studerte det eg fann av skriftlege kjelder. Går det eit skred ein eller annen stad i dag, får eg automatisk beskjed om det. Viss eg skulle reist og sett på alle skreda rundt om i landet, hadde eg ikkje fått tid til anna, men eg prøver å få reist og sett på dei største, seier han.
Han har kontaktpersonar i samtlige kommunar i landet som besøker dei rasa han ikkje får sett på sjølv og i samarbeid med desse “informantane”, geologar og andre fagfolk blir data om skreda samla og lagt inn i databasen.
Det viser seg at store skred stort sett oppfører seg på same måten, slik at ein på grunnlag av historiske fakta kan seie noko om kva fasar til dømes Åkneset vil gå gjennom før skredet kjem, seier han og legg til at det er derfor det er så viktig at Nasjonal skreddatabase er blitt til.
Her kan nær sagt kven som helst gå inn og hente informasjon. Det er òg eit gledeleg resultat av arbeidet at det er oppretta ein nasjonal skredetat. Det var på tide at vi også her i Norge samlar og systematiserer kunnskap om noko som året rundt berører så mange rundt om i landet, seier han.
Påverknad
Astor Furseth har ikkje berre arbeidd med sjølve rasa, han har også hatt ei aktiv rolle i arbeidet opp mot det politiske miljøet lokalt, regionalt og sentralt for å setje søkjelys på problematikken.
Haldninga til dei med makt og mynde då han starta arbeidet, var “vente og sjå og håpe på det beste”. Astor fortel at det har vore mange tøffe tak, det løsna først då Møre og Romsdal fylke i 1997 byrja å interessere seg emnet.
Fylket har sidan då vore eit pionerfylke og ein pådrivar i arbeidet med skred og ikkje minst med å få på plass det beredskapssystemet og overvakinga vi no har her i området, seier han.
Det han håpar på i det høve, er at staten vil overta ansvaret for overvakinga.
Då ville beredskaps- og overvakingsprosjektet få sikrare og fastare rammer, ikkje minst når det gjeld økonomi, avslutta han.
Verdig markering
Norddal kommune hadde valt Petrines Gjestgiveri som ramme for markeringa, trygt forankra i lokal tradisjon både med omsyn til maten som vart servert og dei kulturelle innslaga.
Thea Marie Ytterdal og Ingunn Linge Valdal stod for dei musikalske innslaga medan Ann Kristin Lunden las dikt. På menyen stod honningmarinert røykalaks med snøfriskkrem til forrett, kjekjøt med tyttebærdressing til hovudrett og karamellpudding med bringebær til dessert, ein meny både heidersgjesten, fylkesmann og resten av forsamlinga så ut til å sette pris på. Det var ein verdig og fin markering av prisvinnaren.
|
|
|