Grease-konsert med felleskorps

Øvingshelga for skulekorpsa frå Stordal og Vatne i Stordalshallen vart avslutta med Grease-konsert søndag ettermiddag.

15. april 2010
John Kristian Hjelle

Til melodien ”Born to hand jive” var det også danseinnslag med medlemmar både frå Stordal og Vatne skulekorps.

Etter ei helg med øving, litt mat, aktivitetar og søvn og atter øving, var det klart for Grease-konsert for dei to skulekorpsa som samarbeider om denne konserten. Dei har øvt fram mot denne konserten ei stund, og har også hatt ei øvingshelg saman tidlegare på Vatne. Etter planen skal konserten også framførast på Vatne 1. mai.

Heider og ære
Anne Berit Løset frå Stordal skulekorps ønska alle velkommen til konserten. Ho fortalde at dei først skulle ha ei avdeling for heider og ære før sjølve konserten tok til, nemleg utdeling av diplom til Årets Ungdomskommune 2009, og utdeling av deltakarmedaljar til korpsmedlemmer.
– Det er veldig kjekt at vi har fått til dette samarbeidet mellom Stordal og Vatne skulekorps. Det gjer at vi kan vere med og få til ting vi ikkje kunne ha fått til åleine i Stordal skulekorps, som er relativt lite i år med få medlemmar, sa ho.
Deretter overlét ho ordet til leiar av Ungdomspanelet i Møre og Romsdal, Ida Andrine Heggset.
I fjor haust vart Stordal kommune kåra til Årets Ungdomskommune 2009 av Ungdomspanelet i Møre og Romsdal, etter at dei hadde konkludert med at Stordal kommune har hatt ein stor og vellukka satsing på ungdomsarbeidet sitt. Ida Andrine Heggset gratulerte medlemmane av Stordal ungdomsråd og kommunen, ved ordførar Charles Tøsse, og overrekte diplomet.
Ida Staurset og Eline Vinje frå Stordal ungdomsråd og Charles Tøsse takka for kåringa og tildelinga. Som Ida Staurset sa det:
– Vi føler at det er fortent.

Deltakarmedaljar
Så var turen komen for dei som har vore med i fem år og meir i Stordal skulekorps.
– Vi vil gjerne ha med fleire medlemmar, men no vil vi gje ein honnør til dei som har vore med ei stund, sa Anne Berit Løset.
Ho kalla fram følgjande korpsmedlemmar som fekk utdelt sine medaljar: Amalie Dyrkorn, Sofie Busengdal, Yoon Young Chang og Trine Øvrebust fekk 5-årsmedalje. Karoline Dyrkorn Alne fekk 7-årsmedalje og Jeanette Dyrkorn Alne fekk 10-årsmedalje.
Etter dette framførte aspirantane Guri-Elise Kamp, Marie Larsen Stavseng og Vilde Lorgen Øvrebust melodiane ”Fager kveldssol smiler” og ”Cowboyvisa” på saksofon, før det var klart for sjølve Grease-konserten.

Grease
Publikum, mellom dei om lag 100 betalande, sette seg godt til rette for å høyre på det 55 medlemmar store samansette korpset.
– Vi er no klare til å gje
dykk ein forrykande konsert, annonserte Anne Berit Løset og gav ordet til dirigent Lars Kaggerud.
Han losa publikum gjennom historien og dei for dei fleste kjente melodiane i Grease og batt på denne måten konserten saman. 13 melodiar med musikk, song og til og med dans, vart framført. Vegard Rogne, tidlegare medlem av Vatne skulekorps, var med og song som den mannlege hovudpersonen Danny. Jenny Kristin Sørås og Helga Løset Skodjereite var solistar på fleire av melodiane, både som den kvinnelege hovudpersonen Sandy og i andre roller.
Signaturmelodien frå filmen, ”You’re the one that I want”, song Vegard Rogne saman med Sandra Kaggerud. Ho var elles med og spelte keyboard under konserten, og dei to har tidlegare vore med i ei oppsetjing av Grease saman.

Kvar mandag i 12 år
På tampen av konserten nytta Anne Berit Løset høvet til å takke Lars Kaggerud for innsatsen som dirigent for skulekorpset.
– For å få til slikt som denne konserten, treng ein gode leiarar, og Lars Kaggerud er ein slik. Det er kanskje siste gong han står på scena her i Stordal, men han vil vere med oss ut sesongen og på korpstur før sommaren, sa ho før ho takka han og overrekte blomster.
Lars Kaggerud gir seg som dirigent, då det å pendle til Stordal kvar måndag vert for mykje.
– Eg har pendla til Stordal kvar måndag i 12 år, og har faktisk til tider vurdert å flytte hit. Men eg håpar dette ikkje vert siste gong eg står her, sa han.
Det vart som Anne Berit løset annonserte, ein forrykande Grease-konsert, der det gjekk i eitt med kjente melodiar som vart framførte med både trøkk og gode vokalprestasjonar. Det samansette korpset fekk velfortent ståande applaus etterpå. For den som gjekk glipp av konserten i Stordalshallen, er det ikkje for seint. Konserten vert som tidlegare nemnt, også halden på Vatne 1. mai.