Innhaldsrik grøft og gangveg

I tida som kjem vil det vere mykje graving på Sylte. Grøftene som skal gravast er både lange og djupe og skal innehald vatn, avløp, kabeltrasé, overvatn og fjernvarme.

29. april 2010
Alfred Nilsen

Statens Vegvesen har no kome til semje med grunneigarane og har erverva grunn slik at arbeidet på gangvegen kan starte.

Vegvesenet har no kome til semje med grunneigarane langs fylkesvegen om erverving av grunn. Då er det klart for å starte graving av grøft. Når ho er ferdig, skal gangvegen langs fylkesvegen lagast.

Før asfalten kjem
Kommunen har fått løyve frå Statens Vegvesen til å grave over fylkesvegen tre plassar. Det er ved Valldal sjukeheim, ved kyrkja og i krysset ved Spar Valldal.
– Vegvesenet gir dette løyvet fordi vegen skal asfalterast seinare i år. Når ein gjer dette så tidleg, rekk vegen å setje seg slik at ein unngår det søkket som ofte vert etter graving. Dette er vi veldig godt nøgd med, seier Yngve Hovden verksemdsleiar for FDV i Norddal kommune.
I grøftene vil det ligge alt av infrastruktur som dei kan nytte seg av i framtida.

Samhandling
– Vi prøver no å få på plass så mykje som mogleg når det først blir grave så omfattande. Når denne jobben er gjort, er det som var av gamle vassrøyr bytta ut, og vi har då sikra vassforsyninga på ein slik måte at om det i framtida vert brot på ledningen, er det lett å kople om vatn og stengje av einskildseksjonar, seier Yngve Hovden.
– I tillegg vert barnntrygg-leiken mykje betre i Valldal sentrum, legg han til.
Saman med godt dimensjonerte vassledingar inneheld grøfta også kabeltrasear, overvassleding, avløp og fjernvarmerøyr.

Fjernvarme
Kommunestyret gjorde i 2008 eit vedtak om satsing på fjernvarme i sentrum av Valldal og no legg dei delar av distrubisjonsnettet.
– Dette er ei framtidig satsing. Kvar dei skal ta varmen frå, er enno ikkje bestemt. Alternativa er varme frå fryseanlegga til Valldal Grønt, fjorden, grunnvatn og flisfyring. Det som er viktig no, er å få på plass distribusjosnettet, seier Yngve Hovden.
Kostnaden til fjernvarmerøyra er på 4,2 millionar kroner. Nokre av desse midlane vart allereie brukte i Djupøyna i fjor.

Store kostnader
Totalt er kostnadene budsjetterte til 10,5 millionar kroner inkl. mva. Då er investeringane frå i fjor medrekna. Av dette tek gangvegen 2,2 millionar, vatn og avløp 3,8 millionar og fjernvarme 4,2 millionar kroner. I tillegg kjem elkablar og veglys på om lag 200.000 kroner. Grøfta startar ved Muri bru og sluttar ved Valldal skule. Det er Rano anlegg A/S som er hovudentrepenør. Norddal kommune er byggherre.