Skuleskyssen i Stordal

Også i Stordal har dei fått Fjord1 Buss Møre sitt endelege opplegg for skuleskyssen, og misnøya er stor.
– Denne saka gir eg meg ikkje på, seier ordførar Charles Tøsse.

29. april 2010
Britt Ingunn Maurstad

Formannskapet i Stordal er ikkje nøgde med opplegget til skuleskyss som Fjord1 Buss Møre har lagt fram.

Saka var oppe i formannskapet i Stordal som referatsak, men det viser seg at politikarane ikkje slepper saka enno.
I sakspapira låg det ved eit brev frå rektor ved Stordal skule, Bjørnar Midtbust, til foreldra der han gir klart uttrykk for at han ingen måte er nøgd med busselskapet sitt arbeid med skulerutene. Slik busselskapet no har lagt opp, skal ungane frå Dalane nytte kombibussen til skulen, ordninga med henting på Vad opphøyrer. Ungane vil bli plukka opp av kombien på Ekre kl 0745 og på Vad bru kl 0750. Når det gjeld Dyrkorn, så vil minibussen starte ved krysset på Indresæter og køyre ungane til skulen før bussen hentar i Vinjehjellane. Ettermiddagen er det ingen endringar. For elevane ved Stranda vidaregåande skule innber opplegget til busselskapet at dei må vente på ferja i 25 minutt på Gravaneset.

Irriterande prosess
Ordføraren la fram for formannskapet ein kladd til eit nytt skriv til Fjord1 Buss Møre og gjorde det klart at han kjem til å følgje opp saka både mot politisk nivå i fylket og med busselskapet.
– Vi blir dessverre ikkje ferdige med denne saka. Denne prosessen har irritert meg noko grenselaust, seier han.
– Det ser ikkje ut til at dei har brydd seg med det samferdsleutvalet i fylket har vedtatt. Det må få konsekvenser, synest Jonas Falck.
– Dette er ein kombinasjon av byråkrati og politikarar på sitt verste. At elevane skal stå 25 minutt på det forblåste Gravaneset? Det tyder i praksis på at Stranda vidaregåande skule for vår del er ein saga blott. Eg er glad for at ordføraren står på. Eg har aldri vore tilhengjar av å selje Fjord1, men no er eg slett ikkje sikker på om eg ikkje kunne ha funne på å gjort akkurat det, sa Ole Johan Vidhammer.
– Eg kunne selt Fjord1 her og no, sa Tøsse.
– Dette kan vi ikkje akseptere. Då er det faktisk betre å gå attende til gamleferja mellom Stordal og Stranda, sa Vigdis Hove Øie.
– Eg har følgt saka tett og var til stades då saka vart handsama av samferdsleutvalet. Vedtaket i fylket sa at skuleskyssen spesielt mot vidaregåande skule, skulle minimum vere som i dag. Eg gir meg ikkje i denne saka, seier Tøsse.

Framlegg til løysing
I det nye skrivet til busselskapet som også går i kopi til samferdsleutvalet i fylket, skisserer Tøsse ei løysing som gjer at ein unngår den lange ventetida på Gravaneset.
Han skisserer ein buss med avgang frå Stordal kl 0735 som kjem til Gravaneset 0755. Denne bussen plukkar med seg grunnskuleelevane i Stordal på returen, med avgang frå Ekle kl 0810. Ein eigen buss køyrer til Dyrkorn om morgonen for å plukke opp elevane til Stordal skule.
Tøsse skriv at dette er ei god løysing og den einaste som stetter vedtaket i samferdsleutvalet og at kommunen føreset at fylket og busselskapet finn ei løysing umiddelbart.

Siste om skuleskyssen
i Norddal

Storfjordnytt har fleire gonger i det siste skrive om skuleskyssen i Norddal kommune. No har både avisa og kommunen blitt kontakta av urolege sambygdingar med spørsmål om kven som blir henta kvar til hausten. Særleg har det vore spørsmål om førsteklassingane, som etter lova har krav på skuleskyss dersom dei bur meir enn to kilometer frå skulen.
– Skysslistene blir reviderte kvart år i mai. Då får busselskapet beskjed om endringar i skyssbehov frå skulestart til hausten. Skulebussen henter og bringer der det til einkvar tid bur elevar, seier Gudmund Relling i Norddal kommune.
Når det gjeld skuleskyssen i Eidsdal, har FAU ved Eidsdal skule reagert på bruk av ein stor buss til Kilsti no når det er anleggsarbeid på vegen. Fjord1 Buss Møre vil fram til 15. september derfor nytte minibuss direkte frå skulen til Kilsti og kombien frå skulen og opp til Eidsdal Auto der skuleelevane går over på minibussen som køyrer dei heim.