Rådmannen la opp til å bruke 740.000 kroner i vårtildelinga med 20 søkjarar. Det viste seg at 150.000 kroner var ført to gonger, slik at beløpet kunne leggjast til potten for våren og totalt gje 890.000. Ramma vart auka endå meir i møtet. Totalt løyvde dei 1.022.500 kroner.
Søknaden frå Norges friluftshøgskole vart handsama først. Næringsfondsstyret valde å utsetje saka mot røysta til Audun Skjervøy (Nl).
Meir til landbruk
Senterpartiet og Norddalslista var samde om at samdrifter med kumjølkproduksjon bør få like store løyvingar frå Næringsfondet som andre like prosjekt har fått før, altså 300.000 kroner. Saman fekk dei fleirtal for at tilskotet til Kleivasida Samdrift vart dobla til 300.000 kroner. Ytste Kilsti Geitesamdrift fekk auka tilskotet frå innstillinga på 100.000 til 150.000 kroner.
Eit samrøystes styre vedtok å gje Tina Fuglem 40.000 kroner til driftsbygning i samband med bærproduksjon. Petter Melchior og Torunn Ljøen får 150.000 kroner etter at fire av tre i næringsfondsstyret vedtok å plusse på 50.000 kroner.
Fekk likevel
Norddalslista og Tverrpolitisk liste foreslo begge uavhengig av kvarandre å gje 25.000 kroner til Norsk Bærindustri der innstillinga var avslag. Vedtaket var samrøystes.
Trolldansprosjektet til Turskreddaren var nulla frå rådmannen. Olav Løvoll (Frp) foreslo å gje ti prosent av løyvinga ho har fått frå Innovasjon Norge, 36.000 kroner. Bjørn Inge Ruset (Ap) gjekk opp til 70.000 kroner og fekk med seg fem av styremedlemmene på det. Norddalslista røysta mot.
Stoppunkt Eidsvatnet var innstilt på å få 50.000 kroner. Bjørn Inge Ruset fekk med seg eit fleirtal på fem for å løyve 107.500 kroner. Senterpartiet røysta mot.
Svetlana Maltseva som vil starte frisørsalong i Eidsdal, fekk eit tilskot på 30.000 kroner i samsvar med innstillinga. Merete Myklebusts senter for terapi og utvikling fekk eit tilskot på 40.000 kroner i samsvar med innstillinga. Kristin Gilje Sandnes fekk i samsvar med innstillinga 30.000 kroner for å etablere eit tilbod med hestar i helsesektoren.
Kulå Bowling søkte om tilskot til utvikling og profilering. Innstillinga var negativ, men både Senterpartiet, Arbeidarpartiet og Tverrpolitisk liste la pengar på bordet. Viktor Valdal fekk med seg fleirtalet i høgste bod på 80.000 kroner,
mot røystene til Norddalslista.
Mange avslag
Desse fekk avslag på søknadene: Stian Tafjord og Mette Isaksen som søkte om pengar til eit forprosjekt for sauefjøsutviding, Fjellro turisthotell som vil utvide kjøkkenet og byggje handikaptoalett i hagen, vidareutvikling av Olagarden i Tafjord, Viken Gartneri som søkte i samband med hyttefeltet, Lina Ødegaard som skal drive Berits gategrill i sommar, Norddal Rekneskapskontor som skal utvikle kontoret, Stiftinga Severinbrauta som treng parkeringsplass, Ingvild Hansen Nystad som vil invitere til sauestiring på garden, Kapteinshjellane ved Kirsti Pernille Indreeide som vil bruke garden i samband med Petrines Gjestgiveri, og Vitafjord for revitalisering av kursverksemda.
|
|
|