Sykkeltrim i surt vêr |
||||||||
![]() |
165 registrerte deltak-arar trassa det sure vêret, kledde seg etter tilhøva og deltok på den årlege sykkeltrimmen i Stordal 1. mai. | |||||||
|
||||||||
Formannskapet alias næringsfonstyret hadde møte i Fjordstova ved Muritunet |
||||||||
| Som vanleg arrangerte all-idrettsgruppa til Stordal IL sykkeltrim 1. mai med start anten på skulen eller på Mo, og med base på bedehuset. I tillegg til å nytte kjellaren på bedehuset til sal av tombola, sveler, brus, kaffi og saft tok ein i år også i bruk sjølve bedehuset slik at folk kunne setje seg inn i det kjølege vêret. At veret har noko å seie ser vi på at det i år var 165 som deltok, medan det i nydeleg vêr i fjor var rekorddeltaking med 262 deltakarar. Reidun Lied Bratland er likevel imponert over at såpass mange trassa kulde, regn og motvind. Premiar vart trekte mellom dei registrerte deltakarane. Vinnaren av årets sykkel vart Sander van Zwieten. |
||||||||