Dette vil danne presedens for andre bandlagde fjordnære område. Norddal har gått i front i dette arbeidet, men det hadde ikkje vore råd utan Åknes/Tafjord Beredskap, seier Bjørn Inge Ruset og skryter av dei som har arbeidd med saka for kommunen før han sjølv kom inn i biletet.
Følgjer forskrifta
Byggjeforbodet gjeld framleis?
Ja, men vi har basert reguleringsplanen på vilkåra i den byggtekniske forskrifta. Difor kan vi køyre same analysar på andre område i kommunen. Eg er strålande glad og letta over at ei usedvaneleg vanskeleg og arbeidskrevjande sak er løyst. Vi er trass i alt ein liten kommune, seier ordføraren.
Avbøtande tiltak
Bjørn Inge Ruset fortel at Miljødepartementet har godkjent reguleringsplanen med krav om beredskap og nokre mindre vilkår som kan handterast av kommunen eller Fylkesmannen.
Vilkåra som må oppfyllast går mellom anna på at det i kvart einskilt høve skal avgjerast om det må gjennnomførast avbøtande fysiske tiltak. Det blir òg sett krav i føresegnene om at det for somme byggverk må vurderast om det er råd å utforme, konstruere og dimensjonere byggverka slik at dei toler trykket frå flodbølgjer med ein slik storleik som kan råke dette området.
Ei ny tid
Arne Sandnes som har arbeidd for dette resultatet både som tidlegare ordførar i Norddal og styreleiar i Helsehuset, seier det er gledeleg at departementet har stadfesta reguleringsplanen.
Det er nærast som ei ny tid for oss. Eit motsett utfall ville nesten ha vore kvelden, meiner han.
Styret i Helsehuset har alt bede om eit møte med teknisk avdeling i kommunen 1. juni for å presentere skisseprosjektet for helsehuset.
Dette er ein såkalla førehandskonferanse der vi legg fram tankar og skisser, og der kommunen gjev tilbakemelding om dei vil godkjenne byggjesøknaden når han kjem. Kan hende vi kommunen konferere med Fylkesmannen òg, sidan det er ei spesiell sak.
Styreleiaren fortel at det neste på programmet blir at arkitektane detaljteiknar helsehuset og at prosjektet blir sendt ut på anbod andre halvår i 2010.
Byggjestart om eit år
Då håper vi på byggjestart om ca eit år og innflytting i andre halvdel av 2012.
Arne Sandnes håper at dette òg skal få fortgang både i hotellplanane og Vitafjord. Muritunstyret har løyvt pengar til ei vitalisering av kursverksemda.
Eg håper Berg Invest står på intensjonen om å byggje hotell. Ein føresetnad er at den økonomiske krisa blir mindre enn ho har vore med tanke på reiselivet, seier han.
Arne Sandnes synest lendet verkar opnare enn nokon gong, sjølv om dei har møtt motbakkar før.
Eg vel å tru at prosjektet kan bli realisert. For Muritunet vil det seie at ei lang ventetid er over. Mange prosjekt har blitt sett på vent, men no er vi optimistiske. Når Helsehuset kjem, får vi ei helseklyngje som vil auke og gro av eiga kraft, ein vinn vinn-situasjon for alle, trur Arne Sandnes.
SAKA
Norddal kommune fatta 22. november 2007 vedtak om godkjenning av reguleringsendring for Valldal vest, Murigrandane. Reguleringsplanen legg både opp til nyetableringar og utviding av eksisterande verksemder.
Den 31. januar 2008 reiste Fylkesmannen motsegn mot reguleringsplanen for Valldal vest fordi planen ikkje dokumenterte tilstrekkjeleg tryggleik mot flaum. Det var heller ikkje gjennomført risiko- og sårbarhetsanalysar for andre risikofaktorar utover flaum og flodbølgje. Motsegna som gjeld tryggleik mot flaum, vart trekt i brev av 6. januar 2009.
Norddal kommune fatta 15. oktober 2008 eit nytt vedtak om godkjenning av reguleringsendring for Valldal vest, Murigrandane.
9. november 2009 var ein delegasjon frå fleire departement på synfaring i Valldal. 7. mai stadfesta Miljøverndepartementet reguleringsplanen på visse vilkår som beredskap og fysisk avbøtande tiltak
|