100-årsmarkering med sunne vaflar

Laurdag 8. mai markerte helselag over heile landet at Nasjonalforeningen for folkehelsen har eksistert i 100 år.

14. mai 2010
Sissel Tiril Rem

EIDSDAL: Hjartemarsjen med natursti går langs elva. F.v.: Gunnvor Hole, Kathrin Hole, Astrid Pernille Hole, Anna Rønneberg og Else Rønneberg.

I Norddal kommune er det berre Tafjord som ikkje har helselag. Dagen vart markerte i alle bygder så nær som Fjørå, som hadde fellesmarkering med Valldal helselag. I Stordal markerte helselaget dagen i sentrum.

Sunne vaflar
Helselaga markerte 100-årsjubileet med å spandere vaflar og kaffi eller saft, dele ut informasjon, vise fram utstyr, oppmode til å gå hjartemarsj og natursti.
– Er vaflar godt for hjartet då?
– Det er sunne vaflar etter oppskrift frå Nasjonalforeningen for folkehelsen, seier Tordis Grønningsæter utanfor omsorgsbustaden i Norddal.
Tre jenter som er på besøk i bygda i helga, likar godt vaflane som dei fekk smake på i ein pause frå lamminga i Ivergarden.

Aktivt lag
I Eidsdal held helselaget til ved handelslaget. Menyen er den same som for resten av landet, men dei har i tillegg eit rikt tilfang av brosjyrar med gode hjarteråd både for kosthald og mosjon.
Eidsdal helselag som vart stifta i 1913, har òg laga ein eigen brosjyre med informasjonen om arbeidet deira. Til dømes at dei har laga såkalla folkestiar både framme og nede i bygda, har årleg hjartemarsj, er med som arrangør av Jordmormarsjen og fredagskafeen ved VTS og at dei deler ut refleksvestar til 4-åringane. I brosjyren oppmodar dei òg fleire om å bli medlemmer.

Natursti
Klokka har knapt slått eitt slag denne ettermiddagen før fem kvinner er klare for å gå hjartemarsjen med natursti i Eidsdal. Første post heng på bibliotekbygningen med følgjande spørsmål: Kor mykje fysisk aktivitet blir tilrådd av Sosial- og helsedepartementet? Alternativa seier 40, 60 eller 30.
– 30, seier Astrid Pernille Hole utan tvil.
To og to heng plakatar med spørsmål med jamne mellomrom langs vegen.

Sjukekorg på utstilling
I Valldal vurderte dei å leggje hjartemarkeringa ved butikkane, men endå opp på Kraftsenteret. Sidan temperaturen ikkje var så høg, trur Elinor Ruset frå Fjørå helselag at det var lurt å ha eit tilbod innandørs.
– Mange har gjeve seg tida her. Kan hende ville vi ha treft fleire ved butikkane, men ikkje så mange hadde stoppa og kosa seg, meiner ho.
Valldal helselag serverte skulefrukost til 4. klassingane fredag. Dei kjem òg til å markere 100-årsjubileet med ein seterdag på Nedstestølen i sommar, fortel Elinor
Ruset.

Hjarte- og livberging
Stordal Helselag hadde sett opp stand i sentrum der medlemmane presenterte Nasjonalforeninga for folkehelsa som er 100 år i år, demonstrerte hjarte- og livredning og spanderte gratis vafler på den som ville ha.
Hjartemarsjen gjekk frå sentrum til skulen og tilbake, og eit tosifra tal personar nytta høvet til å gå seg ein tur.