Klar tale frå rådmannen

– Administrasjonen kjem ikkje til å ta noko initiativ til ei ny runde om opningstidene i barnehagane, seier rådmann Stig Holmstrøm.

20. mai 2010
Britt Ingunn Maurstad

Opningstidene i barnehagane i Norddal gjer at mange foreldre slit med å få arbeidsdagane til å gå i hop. Illustrasjonsfoto: Alfred Nilsen

Å få dagane til å gå i hop når ein er småbarnsforelder kan vere vanskelig, enda verre er det om ein i tillegg er åleineforsørgjar. Ein skal helst kunne levere i barnehagen, rekke å kome seg på arbeid i tide og vere der til arbeidsdagen er slutt for så å rekke barnehagen om ettermiddagen.
For mange foreldre er dette ei utfordring. Ikkje alle har ein der heime med fleksibel jobb eller snille besteforeldre som kan trø til når det trengs. Om ein i tillegg er så ”uheldig” å bu på sørsida og arbeide i til dømes Valldal, Stordal eller Stranda og er avhengig av ferjene i tillegg, så blir det ekstra vanskeleg. Å få dagane til å gå i hop kan altså vere problematisk, uansett kva side av fjorden ein bur på og uansett kva for barnehage ein har ungane i.

Frustrert arbeisgjevar
Det var ein noko frustrert arbeidsgjevar som vende seg til ordføraren, og som dermed fekk Storfjordnytt til å sjå på saka. Det er interessant at eit slikt synspunkt kjem frå den kanten og ikkje frå foreldre med barn i barnehagen.
Den frustrerte arbeidsgjevaren er Hallvard Omenås i Valldal Høvleri AS. I den bransjen han driv, er det problematisk når dei tilsette ikkje rekk å stille på arbeid i tide, i og med at hans tilsette arbeider i lag på to og to. Når den eine på laget misser ein halv time i kvar ende av arbeidsdagen, gir dette ringverknader som spreier seg.
– Dette er ikkje heldig korkje for dei tilsette som taper arbeidsinntekt, eller for bedrifta, i og med at den reduserte arbeidstida påverkar innteninga til bedrifta. Dårlegare service til kundane blir det òg, seier han.
Omenås ønskjer seg ei opningstid frå iallfall 0700 til 1630.
– Då hadde karane mine både fått gjort jobben sin, i tillegg til å få levert og henta i barnehagen innanfor opningstida, seier han.
Svaret han har fått på e-post frå ordføraren er at problemstillinga var oppe i driftsutvalet i fjor. Utvalet valde å ikkje gjere noko endringar, men ordføraren skriv at han skal ta ein runde for å sjå om noko kan gjerast.

Rundgang i kommunen
Då avisa tok kontakt med kommunen om saka, vart vi først sende frå ordføraren til leiar av driftsutvalet til skule og barnehagefagleg ansvarleg i kommunen som igjen sende oss til rådmannen. Der fekk vi iallfall klart svar.
– Vil administrasjonen sjå på opningstidene til barnehagane på nytt?
– Ikkje med mindre det politisk vert tatt eit initiativ til ny handsaming av opningstidene i barnehagane. Administrasjonen vil iallfall ikkje ta eit slikt initativ, seier rådmann Stig Holmstrøm.
Det var klar tale frå høgste hald i kommunen, og der-
med er ballen på nytt spelt over til politikarane. Dei må fremje ei sak om dette og eventuelt gjere vedtak om å be administrasjonen sjå på saka på nytt.