Jordbær, bringebær og poteter

På Døving i Valldal er dei i full gang med klargjeringa av alt som snart skal skje. Dei har gjort det før, så dei veit kva som ventar.

20. mai 2010
Alfred Nilsen

Peter Arne Døving tok over Jørn-garden på Døving ved årskifte 08/09 og trivst godt med livet som bonde. Måleapparatet han har skrudd på ein staur i bringebæråkeren, er for at han skal sleppe å trakke ut i snøen for å måle kor djup han er.

Det er laurdag og vêret er bra. Ein traktor med skjer og ein bonde med son planerer det som om ikkje lenge skal bli ein jordbæråker på om lag ti mål.
Jostein Døving vert 65 år til sommaren og er pensjonist på papiret. Sonen Peter Arne Døving tok over garden ved årskiftet 2008/2009.

Frostskader
Det er mange jorde som no ligg klare. Potetlandet er gjødsla og klart til å ta i mot såkornet berre jordtemperaturen vert den rette. Mot utmarka har Peter Arne dyrka ny jord og er i ferd med å etablere nytt bringebærfelt i tillegg til jordbæråkrar.
– Det vart for kaldt nede ved elva. Vi fekk hauste berre annakvart år, og det går ikkje. Så på dei femten måla skal det jordbær nedi att, seier bonden på Døving og legg til at jordbæra snør ned og ikkje er så utsett som bringebæra som ofte stikk oppom snøen.
Med slike vintrar som det har vore dette året, vert det liten eller inga avling nede ved elva.

Utviklinga
Peter Arne tek på seg strøjobbar i tillegg til bondeyrket. Dette er då sjølvsagt i den delen av året då det passar. Tidlegare arbeidde han ved Valldal Trevare.
– Det er aldri noko problem å få noko å gjere vintrane. Denne vinteren har eg arbeidd på sagbruket til Øyvind Hoel, kan Peter Arne fortelje.
Han trivst godt med arbeidet som bonde, men lyt ha noko attåt skal det gå heilt rundt.
Jostein Døving skyt inn at slik har det alltid vore.
– Ein lyt ha ein plass der ein kan skaffe hard valuta til investeringar på garden. Den tekniske utviklinga i landbruket har vore med og inspirert, og har hatt mykje å seie for dei som enno driv i dette yrket, trur han.

Verdiar opp frå jorda
No har vi hamna på trappa med kaffikoppar. Borna leikar med nokre hjortegevir dei har funne oppe ved sommarfjøsen.
Ein herleg laurdag i mai med sol og varme og heilt utan frostskadar. På slike dagar kan mykje verte gjort, men tid til ein prat og ein kaffi er ikkje noko problem.
På garden har dei drive med jorbær i snart 40 år, kyr slutta dei med i 1974. Jorda vert driven ved å veksle med bær, poteter og litt gras. Før i verda dreiv dei med litt kål og blomkål også. Ein jordbæråker varar om lag i seks år. På garden har Peter Arne 50 mål med jordbær, 20 mål med bringebær og 10 mål med poteter.
Til å plukke all bæra kjem det om lag 60 plukkarar frå Polen.
– Dette har vi vore gjennom mange gonger og det går så bra, seier Elly Døving på spørsmål om det ikkje vert mykje styr med so mykje folk.
Den fyrste gongen dei hadde utanlanske plukkarar i Jørngarden på Døvingen, var i 1986. Det året var det eit håplaust vêr minnast dei som hugsar så langt. Dei norske skuleungdomane måtte heim til skulestart. For å få plukka all den bæra som stod att, fekk dei kontakt med nokre plukkarar som var ferdig med sesongen på austlandet og tolv av dei kom nordover.

Stiklingar
På dei ti måla med jordbær som straks skal plantast, ut har Peter Arne tatt stiklingar av Senga Sengana i fjor, så dei står klare ein eller annan stad.
På ti mål med jordbær går det om lag 26.000 plantar. Då reknar dei 800 meter rad pr dekar og tre plantar pr meter. Då er det berre for sol og regn og kome i passelege porsjonar og velsigne dei små plantane.