Drillgardistar frå Liabygda

I drilltroppen i Hans Majestet Kongens 3. Gardekompani er dei 36 mann. For tida er seks sunnmøringar med i troppen. To av desse kjem frå Liabygda.

27. mai 2010
John Krtistian Hjelle

Finn Ivar Lied og Kristian Ytterdal Smoge heime i Liabygda på nokre sjeldne fridagar no i den travlaste tida for drilltroppen i Garden.

20-åringane Finn Ivar Lied og Kristian Ytterdal Smoge frå Liabygda får gjennom førstegongstenesten sin som drillgardistar reise rundt og oppleve mykje. Dei var først inne til rekruttskule i to veker på Terningmoen i oktober, før dei vart overført til Huseby leir på Røa i Oslo for opplæring.
– I byrjinga var det mykje trening og lange dagar, men vi angrar ikkje på at vi valde denne tenesta. Vi trivst veldig godt, og tykkjer det er kjempeartig, fortel dei.

Sjeldne fridagar
Storfjordnytt tek ein liten prat med dei to når dei i pinsehelga er heime på nokre sjeldne fridagar no i det som er den travlaste tida for drilltroppen. Dagane går forutan til oppvisningar, til drill-øving og fysisk forstring, og litt ”vanlige soldatsaker”.
– Men det er det ikkje så mykje av, kan dei fortelje.
Den 36 mann store drilltroppen er delt opp i fire lag som har kvar sin lagførar. Både Finn Ivar og Kristian er korporalar og lagførarar for kvart sitt lag. På spørsmål om dei føler at dei får noko ut av tenesten, er dei ikkje i tvil.
– Vi bur og trenar tett saman, vert veldig samansveisa og godt kjende med kvarandre, og vi får lære oss gode haldningar, seier dei.
I slutten av august er dei ferdige med førstegongstenesten sin.

40.000 tilskodarar
Så langt i år har dei delteke på mellom anna Norsk Militær Tattoo i Oslo Spektrum, vore med på tattoo i London med dronning Elisabeth som tilskodar, og vore i Sidney i Australia der dei hadde oppvisning på den nasjonale fotballarenaen med 40.000 tilskodarar. Denne veka skal dei mellom anna vere med på opninga av Festspela i Bergen, og i juli delta på Basel Tattoo i Sveits.

Framsyning i Valldal?
Innimellom har dei også små opprag rundt om. I juni skal dei på turné til Otta, Ålesund, Stryn og Måløy.
– Det er også snakk om at vi då kanskje skal ha ei oppvisning i Valldal måndag 21. juni, men det er ikkje heilt avklart enno. Vi skal vere i Ålesund tirsdag 22. juni, fortel dei.

Berre vernepliktige
Drilltroppen er ein del av 3. Gardekompani, som er ein parade-, seremoni-, konsert- og oppvisningseining. I tillegg til drilltroppen består kompaniet av musikktroppen.
Heile kompaniet er sett saman av vernepliktige soldatar som startar tenesta si i september/oktober kvart år. Kvar vår øver kompaniet som totalt er på om lag 120 mann med soldatar og befal, inn eit drill- og musikkprogram som vert synt fram under turnear på alt frå store tattoo-arenaer i utlandet til
små stader rundt om kring i Noreg.
Hovudsesongen er frå april til ut august. I drilltroppen er det altså 36 mann, der 32 er med på oppvisning og fire er i reserve. Alle må lære seg fleire posisjonar for drilloppvisninga, i tilfelle nokon er sjuk eller liknande.