Det byrjar å bli ein vane dette med at Sunnmøre tingrett kjem på besøk. Førre veke vart retten sett i kommunestyresalen i Valldal for andre gong på ein knapp månad, med Øystein Knudsen som dommar. Det var dei to sakene om Fv92 i Fjørå med Kåre Nerhagen og Ove Vegard Selboskar som saksøkjarar som stod på programmet denne dagen. Grunnen til at tingretten kom inn hit, var at retten måtte ut på synfaring for å kunne danne seg eit best mogleg inntrykk av sakene.
Partane
Saksøkte i “Nerhagen-saka” var Statens vegvesen Region Midt/Møre og Romsdal fylkeskommune og Norddal kommune. I “Selboskar-saka” var Norddal kommune saksøkt. Begge saksøkjarane var representerte av advokat Asbjørn Skotte. Statens vegvesen og fylkeskommunen stilte med to representantar kvar, med h.r.adv. Odd Severin Larhammer som felles advokat. Frå Norddal kommune møtte ordførar Bjørn Inge Ruset og Yngve Hovden, representert av advokat Reidar Andresen.
Påstandane frå partane
Dommaren gikk kort gjennom påstandane frå dei ulike partane, grunnlag for påstandane og dei bevis som på førehand var varsla i saka, før prosessfullmektig for saksøkjarane fekk leggje fram synspunkta sine.
I Nerhagen-saka var det lagt ned påstand om at saksøkte måtte dømmast til å foreta retting/utbetring av veganlegget, alternativt betale erstatning. I Selboskar-saka la advokat Skotte ned påstand om at saksøkte måtte dømmast til å foreta retting/utbetring av stien på veganlegget, alternativt betale erstatning. I begge saker var det òg lagt ned påstand om at saksøkjar vart tilkjent sakskostnader.
Det var så høve for dei saksøkte sine prosessfullmektigar til å ta ordet. Advokat Larhammer for Statens vegvesen/Møre og Romsdal fylkeskommune la ned påstand om at stemninga mot Statens vegvesen blir avvist, subsidiært at retten skal fastsetje erstatning for økonomisk tap som ikkje er erstatta av inngått kjøpekontrakt og at Statens vegvesen blir tilkjent sakskostnader. Ettersom Norddal kommune var saksøkt i begge sakene, la Advokat Andresen ned likelydande påstander om at Norddal kommune frifinnast og at kommunen blir tilkjent sakskostnadene.
Fyllinga
På sjølve synfaringa var det Kåre Nerhagen sin sak med fyllinga retten såg på først. Vegvesenet hadde merka opp der fyllinga eigentleg skulle ha stoppa, i tillegg hadde Nerhagen sjølv vore og merka opp dit han meinte at han hadde fått lovnader om at fyllinga skulle stoppe.
Fylket og vegvesenet hadde ingen problem med å innrømme at dei hadde brukt meir grunn enn opphavleg tenkt, og var villige til å kompensere Nerhagen for dette. Nerhagen sine merknader til innkøyrsle og atkomst til naust, vart ikke handsama av retten, ettersom advokat Skotte ikkje spesifikt hadde nemnt desse to tinga i sine rettslege merknader og påstand. Dommer Knudsen avviste derfor å handsame desse to punkta.
Allereie då saka starta, hadde dommaren peikt på at han kunne tenkt seg noko meir utdjupande påstandsgrunnlag frå advokat Skotte. Han peikte òg på upresis bruk av ord i påstanden. I sine to påstandar, har Skotte brukt ordet “alternativt” i staden for prinsipalt og subsidiært, som er dei korrekte og presise vendingane brukt i slike høve. Under synfaringa hos Kåre Nerhagen, kom spørsmålet om ordførarens tilknyting til saka.
Inngår du munnlege avtalar på eiga hand som har økonomiske konsekvensar for Norddal kommune, spurde dommaren.
Nei, svara ordføraren kontant.
Diskusjonen rundt kva som hadde vore lova og ikkje, heldt fram og dommaren spurte ordføraren om han hadde vore såpass fritalande at han hadde kunne kome til å kome med lovnader til grunneigar.
Er spørsmålet om eg skal ha gått god for eit anna alternativ saman med Yngve Hovden, spør Ruset.
Det er det som vert hevda frå saksøkar, sa dommaren.
Beklager altså, men det har eg under ingen omstendighet gjort, svara Ruset på det.
Stien til Selboskar
Turen gjekk så vidare til Ove Vegard Selboskar og den mykje omtala stien hans. Selboskar er av den oppfatning at Norddal kommune har tatt seg til rette på hans grunn, i og med at vegvesenet stoppa arbeida eit stykke før stien.
Arbeidet vart stoppa ved pel 320 fordi vi ikkje hadde midlar til å fullføre arbeidet heilt fram, sa byggjeleiar for prosjektet for Statens vegvesen, Torbjørn Vatnehol.
Ordføraren sin kommentar til dette var at Norddal kommune då hadde vurdert det slik at det var i kommunen si interesse å fullføre veganlegget i tråd med reguleringsplanen, og kommunen gjekk då inn og ferdigstilte anlegget. Ettersom entreprenøren Volda Maskin allereie var på staden med utstyret, var det naturleg å la dei halde fram med arbeidet.
Kva for heimel hadde kommunen til å berre ta grunnen til vidare arbeid, spurde Selboskar.
Grunnen fram til pel 338 var allereie erverva av fylkeskommunen ved Statens vegvesen, slik at Norddal kommune berre gjorde ferdig arbeidet. No er også gangtilkomsten reetablert slik som lova, supplerte advokat Andresen.
Diskusjonar og forlik
Attende i rettslokalet, forsvann partane ut på gangen. Mykje rådslaging gjekk føre seg, og det viste seg at partane hadde vorte samde seg imellom om forlik. Eit underskrive rettsforlik har same verknad som ein rettskraftig dom.
Forliket i Nerhagen-saka inneber at Møre og Romsdal fylkeskommune betaler til Kåre Nerhagen kr 282 for det meirareal som er nytta. Nerhagen fråfell dermed alle andre krav han har fremja mot Statens vegvesen/Møre og Romsdal fylkeskommune i høve opprustinga av fylkesvei 92. Kvar av partane tar sine eigne kostnader og partane ber om at saka vert heva som forlikt. Norddal kommune tiltrådte forliket på vilkåra som gjeld at Nerhagen fråfell alle krav og at saka blir heva som forlikt.
Forliket i Selboskar-saka vart at Norddal kommune betaler 5000 kroner til Ove Vegard Selboskar innan sju dagar frå dato som fullt og endeleg oppgjer i saka, for påførte og framtidige ulemper som han har og vil bli påført ved utbygginga av fylkesveg 92, herunder tilkomst for mellom anna sauer. Også her skal partane dekkje eigne kostnader og partane ber saka heva som forlikt.
Rause for å bli ferdige
Før retten gjekk kvar til sitt, bad juridisk sjef i Møre og Romsdal fylkeskommune Gudmund Lode om ordet.
Det var med forbausing at fylkeskommunen registrerte søksmålet, og forbausinga har ikkje blitt mindre etter i dag. Fylkeskommunen har aldri motsett seg å kompensere for bruken av meir grunn, men ei erstatning på 282 kroner kan vanskeleg forsvare advokatutgifter på nærare 50.000 kroner. Det var under stor tvil at fylkeskommunen inngikk dette forliket, men vi tror at vi i lengda er best tente med å få saka ut av verda.
Også ordførar Bjørn Inge Ruset tok ordet.
Eg har stussa på denne saka, og det har vore vanskeleg å kome fram til ei løysing. Kommunen har ansvaret for å forvalte fellesskapet sine goder, og derfor har vi funne det naudsynt å vere rause nok til å inngå ein avtale slik at vi kan seie oss ferdige med saka.
Til Storfjordnytt legg han til at han har drøfta forliket inngått med Selboskar med alle gruppeleiarane i kommunestyret og at denne løysinga sat langt inne politisk.
Etter ei totalvurdering kom vi til at det var viktig å vere rause. Og på denne måten slepp vi å binde opp meir ressursar i denne saka, avslutta Ruset.
Advokat Skotte sa i ein kort kommentar til avisa at han i prinsippet er nøgd med utfallet i begge sakene, i og med at begge klientane fekk tilkjent erstatning.
|
|
|