| Dei to har begge vore tilsette i bilfimaet MotorForum i Ålesund. Der har dei lært kvarandre å kjenne og blitt eit samkøyrt team. Dei arbeidde saman i om lag fire år i bilfirmaet før dei bestemte seg for å starte firma og etablere seg i Stordal.
Brei erfaring
Begge er godt vaksne menn med brei erfaring frå arbeidslivet. Inge Sunde kjem frå Valldal og har sidan han starta yrkeskarrieren for det meste vore sjølvstendig næringsdrivande. Harry Tøsse har mellom anna vore innom møbel-, kraft- og bilbransjen.
Vi føler oss trygge på kompetansen vår og at nettverka vi begge har opparbeidd, skal hjelpe oss i gang med denne statsinga, er dei begge samde om.
Harry Tøsse legg til at dei vil bruke om lag eit år på å arbeide seg inn i marknaden.
Profilering
Det dei driv med er firmaprofilering.
Profileringsartiklar og firmagåver er noko ein skal ha eit bevisst forhold til, seier Harry Tøsse. I tillegg vi dei satse på skilt-, bil- og vindaugsreklame.
Dei ønskjer å kome i direkte kontakt med kundane og i størst mogleg grad vere ein samarbeidspartner for dei. Det er forretningsideen.
Lag og organisasjonar er opplagt ei kundegruppe vi satsar på, og samstundes er turistnæringa ei naturleg satsing her inne. På sikt håper vi å bli ein totalleverandør for bedrifter når det gjeld profilering og levere komplette løysingar. Gjennom sjølv å ha kjøpt slike produkt, har vi med oss nyttige erfaringar inn i firmaet, seier Harry Tøsse som var dagleg leiar i det firmaet begge tidlegare var tilsette i.
God hjelp
Dei søkte støtte til etablering hos Stordal kommune. Tiltaksnemnda der handsama søknaden raskt og dei fekk fort tilbakemeldingar som var positive. Dei har òg samarbeidd med hoppid.no-kontoret i Valldal.
Gjennom samtalar der fekk vi god hjelp og dei har vore verdifulle sparringpartnarar. Gjennom revisjonsfirmaet til Vegard Lødøen har vi fått det vi treng av økonomisk vurderingar, seier eigarane av det nye oppstarta firmaet ProfilX as.
Firmaet vart oppstarta i byrjinga av mai. Inge Sunde hadde då nettopp slutta i sin tidlegare jobb og Harry Tøsse hadde arbeidd med planlegging i ein månads tid. Samstundes har dei begge to brukt kveldar og anna til å få ferdig lokala til kontoret. Du finn dei der Svanhild Stavseng tidlegare hadde blomsterbutikk.
Mykje reising
Torsdag i førre veke var det offisiell opning av kontoret med kaffi og vaflar. På kontoret har dei det dei kallar «showroom». På godt norsk er det varerprøvar som blir viste fram. Produktleverandøren deira er stor på sitt felt og leverer om lag 20 forskjellige merkevarer til dei.
Desse vil dei ta med seg rundt i fylket, hovudsakleg sør for Romsdalsfjorden og kanskje litt inn i Sogn og Fjordane. Då skal dei overtyde bedrifter rundt om at profilering på deira produkt og med deira løysingar er ein god måte å bygge merkevare på.
|