Midtsommardag med ny vri |
||||||||
![]() |
Camp Norddal er friluftscampen for ungdom under årets Midtsommardagar, ein nyskaping som arrangøren har fått til i samarbeid med ungdomsrådet i kommunen. | |||||||
|
||||||||
Elevane på mellomsteget ved Eidsdal skule samla utanfor sin installasjon. Til stades var òg lærar Merete Løvoll Rønneberg og rektor Karl André Birkhol. |
||||||||
| Utpå våren vart ungdomsrådet kontakta av arrangøren av årets Midtsommardagar med spørsmål om dei kunne tenkje seg å vere med på å lage eit aktivitetstilbod også for ungdom. Sjølvsagt ville vi det, for midtsommararrangementet har vore ganske kjedeleg for oss, seier leiar av ungdomsrådet Astrid Nerhus Dale. Arbeidsgruppe Det vart nedsett ei arbeidsgruppe med dei i ungdomsrådet som er frå Norddal, med Kari Elisabet Løvoll Dalhus som representant frå Midtsommardagar. Samarbeidet har fungert godt, og eg trur vi har funne fram til aktivitetar som folk har lyst til å prøve, seier Astrid. Ungdomane la vekt på at det skulle vere friluftsaktivitetar, og under Midtsommardagane vert det høve til å prøve seg på mellom anna klatring og kajakkpadling. I tillegg vert det lagt opp til at campen skal ha ein sosial funksjon der folk kan bli kjende, slik at det blir både felles grilling og felles frukost for deltakarane. To dagar |
||||||||