Om du har besøkt Norsk Fjordsenter i Geiranger i det siste, har du ikkje kunna unngå å leggje merke til installasjonane av staur på grøntområdet utanfor senteret.
Fredag var det offisiell opning av prosjektet ”Staurgale”, ei utstilling som vil bli ståande heile sommaren. Staurgale er først ut i ei rekkje markeringar som skal haldast i løpet av sommaren for å feire dei første fem åra med verdsarvstatus.
Elevprosjekt
Det er Stiftinga Geirangerfjord Verdsarv med Gwen Nickolaychuk i spissen som saman med den lokale kunstnaren Ola Liland har laga undervisningsopplegget som har resultert i utstillinga. Det er elevar ved skulane i Eidsdal, Geiranger og Hellesylt som har delteke i prosjektet denne gongen.
Noko av poenget har vore å involvere skuleelevane i verdsarven. Å få dei til både å føle seg stolte og føle ansvar for området dei bur i, seier Nickolaychuk.
Prosjektet har gått over fleire månader. Månader med mykje planlegging på dei ulike skulane og bygging av modellar før dei til slutt brukte ein heil skuledag på å byggje installasjonane sine. Arbeidet har skulane dokumentert i loggbøker. Både modellane og loggbøkene vil få permanente plassar inne på Fjordsenteret.
Det har vore mykje arbeid med å lage eit heilt nytt undervisningsopplegg, men det har vore moro òg. Undervisning og bevisstgjering gjennom leik og kunst, er noko eg trur på. Og så er jo dette staurgale. Det går ikkje an å gjere feil her. Det er ingen som krev to strekar under svaret. Både ungane og eg har kosa oss med prosjektet, seier Liland.
Interaktiv kunst
Kunsten er interaktiv. Det vil seie at publikum kan hengje opp personlege meldingar på konstruksjonane, slik at bodskapen til kunstverka vil endre seg utover sommaren.
Alle tre installasjonane er det mogleg å gå inn i, men
Eidsdal skule har valt ein litt annan variant enn dei andre to skulane. Inne i installasjonen ligg det stein med dikt på. Dikta har elevane skrive sjølve, i eit anna prosjekt dei har hatt på skulen.
Lærar Merete Løvoll Rønneberg syntest dikta passa så godt inn i det staurgale prosjektet at nokre av dei vart måla på stein og lagde inn i installasjonen.
Dette har vore eit flott prosjekt å vere med på, engasjerande og spanande og lærerikt med mange fag knytte saman i eitt prosjekt, seier ho.
Snorklipping
Utstillinga vart høgtideleg opna med snorklipping som er på sin plass i slike høve. Det var Torgunn Nerland, leiar av kulturutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune, som hadde fått det ærefulle oppdraget. Snora var raud, i tillegg hadde alle deltakarane i prosjektet raude band på seg for å markere at det er fem år sidan Geiranger fekk verdsarvstatusen.
I dag hyller vi stauren og vi hyllar dykk som kunstnarar. Vi skulle hatt Norge Rundt her i dag. Eg vil kalle dykk verdsmeistrar for det er vil ingen andre i verda som har laga kunst av staur, sa Nerland i opningstala si.
Leiar av Verdsarvrådet og styreleiar for Stiftinga Geirangerfjord Verdsarv, Bjørn Inge Ruset, var sjølvsagt òg til stades. Han la vekt på kor viktig noko so enkelt som ein staur var i arbeidet med å produsere mat før i tida, då stauren vart nytta til hesjer der gras til dyra vart tørka, dyr som ga folk både mjølk og kjøtt.
Det er fantastisk å sjå ein så sentral del av kulturarven vår nytta på ein slik måte som i desse kunstverka. Eg er imponert over det dykk har fått til, sa han.
kaffi og saft.
Til hausten blir installasjonene tekne ned, men Katrin Blomvik lovar at det vert eit nytt staurgale prosjekt neste vår.
|
|
|