| Når det skal arrangerast festival, er mange sine augo retta mot vêret, meldingar og slikt. Men skal ein vere oppriktig, så har det hengt ute plakatar lenge med heilt fantastiske meldingar til alle musikkinteresserte.
Opera i restauranten
På plakaten stod opera i verdsklasse. Eit trufast publikum på om lag 50 menneske frå Valldal og litt rundt hadde funne vegen opp i restauranten på Fjellro denne fredagskvelden. Pianoet var på plass og etter kvart kom også pianist og kapellmeister Reza Aghamir saman med sopran Janne Berglund og baryton Yngve André Søberg.
Det var desse tre som skulle gi publikum ei sterk klassisk musikkoppleving. Med ein glimrande pianist som grunnlag, kunne songarane bruke stemma si og nærast levere opera rett i fanget på dei som hadde møtt fram. Mellom songane fortalde dei om innhaldet i det dei framførte frå store og kjende operaer av mellom anna Mozart og Puccini. Songane vart framførte på italiensk, så for enkelte av oss var det greit med eit lite resymé. Det var ei sterk og nærast fysisk oppleving når Janne Berglund og Yngve André Søberg fylde rommet med stemmene sine. Janne Berglund miste stemma si i Valldal og kunne ikkje opptre i Ulsteinvik og Ålesund slik meininga var.
Jazz
Medan publikum fordøydde operaforestillinga, kom Stian Omenås med sitt Miles Davis Tribute-band på scena. Dette er eit band med relativt unge og drivne musikarar som er med på mykje av det som skjer innan norsk jazz i dag.
I dette konseptet skal sjefen sjøl, som dei kallar han, Miles Davis hyllast. Dei starta med ”Footprints” og deretter kom det mange av dei mest kjende jazzlåtene frå 50- og 60-talet. Energisk og swingande jazz, men også rolege og kjenslevare låtar. I tillegg til Stian Omenås på trompet spelte Jørgen Mathisen tenorsaksofon, Erlend Slettevoll piano, Erik Nylander trommer og Audun Ellingsen bass. Eit dyktig band som leverte jazz med presisjon og av høg kvalitet på Fjellro.
Fjellrohagen
No var det Ingrid Olava som stod att på programmet, klokka nærme seg halv tolv og folk fann vegen ut i hagen. Vêret var ikkje ugunstig, men nokre dropar fann vegen bak i hagen då Ingrid Olava kom på scenen. Ho spelte sjølv piano og song, medan ho hadde med seg Jo Berger Myhre på bass og anna, og på trommer Erland Dahlen. Dei gjekk på scena med ei herleg innstilling og laga skikkeleg stemning i tillegg til flott musikk. Ingrid Olava er ein god låtskrivar i tillegg til pianist og vokalist. Publikum koste seg til musikken som vart kalla pop på plakaten, men som også var så mykje anna.
Nøgd, men
Kvaliteten på musikken visste eg var bra og artistane leverte godt. Vi er nøgde med gjennomføringa og med lyd, lys og slikt, seier Stian Omenås tidleg måndag denne veka.
Det var eit lite, men godt publikum inne på jazz og opera, men det kunne godt vore fleire på konserten ute i hagen, legg han til.
No skal eg køyre nokre på flyplassen før eg skal inn i Valldal og slappe av med litt fotball, seier jazzmusikaren som i slutten av mai var på to vekers turné i Kina og som skal til Moss, der han bur for tida, og mikse på plata si, før han fær til Danmark der han skal dirigere noko greier.
|
|
|