| I ei ikkje så alt for fjern fortid, var det mengder av industriarbeidsplassar og då spesielt innan møbelindustrien i bygdene våre her på indre. No er dei vekk alle saman, med unntak av ein. Og då snakkar vi bokstaveleg tala om ein arbeidsplass i møbelindustrien. Den finn vi i Liabygda og det er Edel Birgitte Vidhammer som har den.
Lydbøker som selskap
Er det ikkje stusseleg å vere på arbeid heilt åleine?
Eg trivst godt i mitt eige selskap. Hadde eg ikkje gjort det, hadde eg slutta for lenge sidan. Dessutan har eg selskap i blant anna mobilen, radioen og lydbøker, seier ho.
Ho legg til at ho får god tid til å tenkje og enkelte gonger er det slik at ein nesten kan tenkje for mykje. Edel seier at ho ikkje er av den typen som treng å ha folk rundt seg heile tida. Ho trivst i eige selskap, og dessutan ven ein seg til det meste.
Den største fordelen er at eg har arbeid nær heimen og så slepp eg å irritere meg over kollegaene mine.
Ho synest det er synd at denne typen arbeidsplassar har forsvunne frå bygdene.
Dei har flagga ut alle saman. Kan hende dei etter kvart snur og kjem tilbake, undrar ho.
Liabygda er heimen
Edel har budd i Liabygda sidan ho var fem år gamal, og ho kan ikkje tenkje seg å bu nokon annan stad.
Etter å ha prøvt å bu både i Sykkylven og Stordal, vart eg berre endå meir sikker på at Liabygda er staden å bu, og eg har aldri vurdert å flytte. Det er jo så fint her med fantastisk utsikt til både fjord og fjell. Mykje sol har vi òg. Kan det vere betre?
Møblar har ho arbeidd med sidan 1985, det vil seie det aller meste av sitt yrkesaktive liv. Bygget ho held til i, har husa både skule og møbelfabrikkar. Ho og eksmannen dreiv saman i åtte år før dei la ned Siem Møblar i 2007. Då kom Nordmøbel på Fiskarstrand på bana og tok over drifta.
No er eg berre vanleg tilsett. Det er godt å ikkje ha ansvar for noko anna enn å gjere jobben min, seier ho.
Har du nokon gong tenkt å gjere noko heilt anna?
Tja, trivselen går jo litt opp og ned, men det gjer det vel uansett kva ein driv med. Men å byrje på noko utdanning no, er uaktuelt. Så viss eg skulle prøve noko anna, måtte det bli butikkarbeid av noko slag.
Å skifte arbeid og byrje i ein annan møbelfabrikk, synest ho ikkje er nokon vits. Ho har vore tilbydd arbeid i Stordal, men ho likar det slik ho har det no.
Her får eg gjere alt, både klippe, sy og trekkje møblane. Slik er det ikkje i dei større møbelfabrikkane. Der vert du ståande berre med ein type arbeid.
Kva for møblar er det du lagar?
Det er mest møblar til båtar, ferjer og bussar. Eg trur Fjord1 er ein av dei største kundane våre, seier ho.
Iallfall er det jamn tilgang på arbeid. I løpet av tida i Nordmøbel har ho enno ikkje opplevt å bli permittert, sjølv ikkje under finanskrisa då resten av bransjen sleit.
Det ser ut til at det med båt er ein nisje der tilgangen på ordrar er stabil.
Styrer seg sjølv
Sjølv om det nokon gonger kan vere stusseleg å vere åleine, har det mange fordelar som ho ikkje vil vere utan. Mellom anna dette med fridom til å styre sin eigen kvardag. Den er svært viktig for ho.
Eg har ein son på ti år som går på skulen, og det er fole greitt å kunne vere heime når han er ferdig på skulen.
Ein annan fordel med jobben er at ho enno til dags dato ikkje har vore i nokon møbelbutikk og kjøpt seg sofa. Slikt lagar ho sjølv. Opp gjennom åra har det blitt nokre sofagrupper. Den siste ho laga til seg sjølv var ein skinnsalong.
Det er sånt et likar. At eg sparar pengar er ein ting, men det aller viktigaste er at eg får ein sofa som er heilt som eg vil ha han, som dekkjer dei behova eg har til ein sofa.
Det hender ho vert spurd om ho kan trekkje om møblar eller lage møblar til folk. Ho seier at ho har blitt flinkare til å seie nei til slike oppdrag.
Slikt må jo gjerast etter arbeidstid, og kveldane vil eg helst ha fri.
Eit unikum
Medan eg var og prata med henne, kom sjefen hennar innom for å hente ferdige varer og for å levere frå seg materialer til nye møblar.
Han kjem ofte innom, gjerne ein og ofte fleire gongar for dag.
Det må bli dyrt, heilt frå Fiskarstrand og inn hit kvar dag?
Han har forsøkt å få tak i folk der ute, men det har vore vanskeleg. Derfor har han valt å halde på meg trass i reiseutgiftene. Det er eg sjølvsagt svært glad for.
Sjefen sjølv seier at Edel er eit unikum i den forstand at ho er til å stole på, ho leverer det ho skal når ho skal, i tillegg til at ho gjer skikkeleg arbeid. Dei ser ut til å ha ein god tone seg imellom, spøk og latter sit laust når dei to treffest. Det er heilt sikkert.
I tillegg til å ta med seg sju kolli det vil seie sju digre esker med ferdige varer, kom han med materialar til nye. Til og med huda ho Edel etterlyste hadde han hugsa på.
Då er det berre å ta fatt på ein ny runde med møblar til båtar eller bussar.
|
|
EDEL
BIRGITTE VIDHAMMER
Interesser: Minst mogleg eigentleg. Eg trivst veldig godt heime med å slappe av. Elles vert det mest å følgje sonen på fotballkampar og slikt.
Les: Eg les lite, men har vorte svoren tilhengar av lydbøker. Det er ei genial oppfinning. Og det må aller helst vere krim.
Musikk: Eg er vel altetande, men likar aller best musikk frå 60- og 70-talet. Fredagsettermiddagane når det nærmar seg helg, går anlegget på full guffe!
Ferie: Eg synest Liabygda er best også når eg har fri. Men eg har ein draum om ei enkel hytte utan straum og slikt på fjellet ved eit vatn der eg kan fiske og bade.
Favorittmat: Taco og potetball, med taco som ein hårfin favoritt.
|
|
|