Etter opninga av toalett og venterom på Lingekaia, vart gjestane frakta med ein veteranbuss opp til Gudbrandsjuvet, med ordførar Bjørn Inge Ruset som svært lokalkjend og svært lokalpatriotisk guide.
Gudbrandsjuvet har vore ein attraksjon langs turistvegen heilt sidan Trollstigen opna i 1936. No er Statens vegvesen ferdig med arbeidet med å gjere attraksjonen lettare tilgjengeleg for dei vegfarande. Ny parkeringsplass, utsiktsplattformer og bruer saman med restaurant og toalett, skal gjere at enda fleire stoppar her.
Kulturarven
Aller først samla gjestane seg i restauranten for talar og lunsj. Fylkesmann Lodve Solholm opna med skryt av fylket vårt og kalla det eit Norge i miniatyr. Han nytta høvet til spesielt å takke dei mange frivillige som arbeider for å halde kulturarven vår vedlike.
Vi blir eit fattigare folkeferd om vi ikkje tar vare på dette for ettertida, sa han, før han la til at han håper at samferdsleministeren har Møre og Romsdal og vegane der i tankane når ho byrjar arbeidet med neste års budsjett.
Regionvegsjef i Statens vegvesen Region midt, Berit Brendskag Lied, sa at strekninga Geiranger-Trollstigen er sjølve indrefileten i Nasjonal Turistveg og var svært stolt over anlegget på Gudbrandsjuvet. Ordførar i Rauma kommune, Torbjørn Rødstøl, slutta seg til det og sa han gler seg til anlegget på Trollstigen er ferdig.
Prosesjon
Per Ritzler frå Nasjonal Turistveg var den som heldt i trådane og batt programmet saman denne dagen. Han lova ei overrasking etter mat, og det fekk vi til gagns. Utanfor restauranten hadde garden stilt opp, og dei leia prosesjonen opp til parkeringsplassen der resten av markeringa deriblant snorklippinga skulle gå føre seg.
Mange talarar var det, mellom anna vegdirektør Terje Moe Gustavsen. Han kunne fortelje at han var i Valldal første gongen som tiåring i 1965, på campingtur med foreldra sine og at Gudbrandsjuvet allereie den gongen var ein stad verd å stoppe på.
I Statens vegvesen er vi kjempeglade og stolte over arbeidet til Nasjonal Turistveg, og eg er stolt over å ha høvet til å bruke over 100 millionar kroner i året på denne satsinga, sa han. Han sa vidare at han beundrar motet til Nasjonal Turistveg og at dei har vore dristige i val av arkitektar og design og synest at anlegget slik vi no ser det, kompletterer naturen på ein framifrå måte.
Fylkesordførar Olav Bratland var òg nøgd med resultatet.
Eg vil spesielt takke Vårherre som sørgde for godt vêr denne dagen, pluss at han har gjeve oss regn dagane før slik at fossen viser seg frå sin flottaste side i dag, sa han.
Bratland avslutta med å seie at han vonar statsråden også i åra framover vil sørgje for midlar til Nasjonal Turistveg slik at vi
kan få fleire slike perler som
på Gudbrandsjuvet i tida framover.
Beste som har hendt
Samferdsleministeren sa i sin tale at prosjektet Nasjonal turistveg er noko av det beste som har hendt norsk reiseliv.
Det viser fram det det ypperste Norge har å by på både når det gjeld arkitektur og natur. Eg er imponert over det de har fått til her, sa ho og la til at løyvingane til Nasjonal Turistveg er vel brukte midlar før ho avslutta talen med å sitere nokre vers frå ”Mellom bakkar og berg”.
Etter eit musikalsk innslag framifrå utført av Thea Marie Ytterdal og endå fleire talarar, var det tid for snorklipping før heile forsamlinga tok turen attende til restauranten via ”gangvegen”.
Etappevis
Seksjonsleiar i Nasjonal Turistveg, Jan Andresen, seier til Storfjordnytt at prosjektet med strekninga Geiranger-Trollstigen har vore eit spennande etappevis prosjekt å arbeide med.
Han har vore med heilt frå starten av og arbeidd med Nasjonal Turistveg på heiltid sidan 1998.
Målet er at strekninga skal få fullverdig status som Nasjonal Turistveg neste år når stoppikonet på Trollstigen etter planen skal stå ferdig, seier han.
Dei inviterte gjestane avslutta dagen med omvisning på Juvet landskapshotell, som skal ha sin offisielle opning noko seinare.
|
|
|