At det vert arrangert open dag på Severinbrauta, har vel nesten byrja å bli ein tradisjon. I år har stiftinga funne ut at dei kan kombinere det med slåttekurs.
Då slår vi jo to fluger i ein smekk. Vi får slått marka og vi får lært bort korleis ein handterer ein ljå, noko som er å formidle ein viktig del av den kulturarven Severinbrauta representerer, seier Kirsti Indreeide som er prosjektleiar for Stiftinga Severinbrauta.
Spreke eldre
To av dei som fekk lære å handtere ljåen, var Katrin Blomvik og Kristine Vinje frå Stiftinga Geirangerfjord Verdsarv. Dei hadde vore på plass frå tidleg fredag formiddag i striregnet. Likevel var humøret hos dei to jentene på topp.
Dette var moro, var deira dom så langt.
Petter Eide som var den som hadde lært dei opp, var imponert over kor fort dei hadde lært seg kunsten.
Tradisjonelt heiter det slåttekar, men kva i all verda skal vi kalle disse to då, spurte han.
På nedsida av husa fann eg Lars Smoge på 94 år, dottera hans Aslaug og Jan Olav Hesthaug. Den spreke 94-åringen skulle eigentleg berre vere med som ekspertrådgjevar, men kunne ikkje dy seg for å hjelpe til å slå sjølv.
Hesjing og rjomegraut
Hesjestaur låg klar til bruk på bøen, og då slåttekurset heldt fram laurdagen, var det meste ferdig slått. Det var berre hesjinga som stod att. Ein viktig jobb det òg på ein gard.
Kirsti Indreeide var til stades heile helga og sørgde for at gjestane fekk både kaffi og noko å ete undervegs. Ho hadde opphavleg tenkt å kome ut på markane med kaffi og nistekorg, men vêret gjorde at alle trekte innandørs.
Open dag
Søndag var det open dag, mellom anna med sal av rjomegraut. Kirsti Indreeide fortel om god stemning blant dei omkring 20 gjestane. I tillegg hadde Valldal spelemannslag teke turen for å underhalde.
|
|
|