Midtsommardagar med nye vriar

Arrangørane hadde i år gjort eit par vriar på dei ”faste” innslaga. I tillegg forsøkte dei seg for første gong med Camp Norddal, eit tilbod til ungdommane.

1. juli 2010
Britt Ingunn Maurstad

Kristian Eliassen konsentrert om ikkje å dette ned frå tauet.

Petter Melchior stod for den offisielle opninga laurdag og heldt ei kort tale før han ønskte velkomen Oda Kvalsvik Stenberg, ei 17 år gamal jente frå Vestnes som spelar trekkspel. Ho har vore elev av Knut Ivar Bøe og vert no undervist av Håvard Svendsrud. Snart er det NM og sidan øving til det tek mesteparten av tida hennar, tok ho med seg akkordionet sitt til Norddal for å spele noko av NM-programmet sitt for oss. Det er ikkje alltid like lett å spele utandørs, spesielt ikkje når vinden tek tak i noteheftet og lagar krøll i systemet, men den unge musikanten såg ut til å ta også slikt med godt humør.
Etter klassisk musikk på trekkspel, var det eit brått skifte i stemninga på kyrkjemyra, då trolla i framsyninga “Dance of the trolls” titta fram mellom grantrea. Publikum – blant dei fredagens artist Robert Post og kjærasten – såg ut til å kose seg sjølv om det var nokså surt ute så tidleg på dag.

Knutar på tauet
Barneteaterframsyninga var for høvet flytta til Notnaustet, der Inger Bakke hadde laga ei framsyning som heiter “Den store sjøreisa”. Eit pedagogisk stykke der ho nytta publikum som rekvisittar, og vi fekk mellom anna lære knutar som til dømes båtmannsknop, halvstikk og pålestikk. Og grunnen til at framsyninga var i naustet?
– Eg har alltid ønskt å gjere dette stykket i et naust, så då eg vart spurd om å kome hit, sette eg det som eit absolutt ønskje, sa Bakke.
  Utover dagen var det mykje som gjekk føre seg og mange besøkande var det, mange fleire enn i fjor, var mitt inntrykk. Handelen gjekk livleg hos handverkarane som hadde installert seg i nausta, sjølv om mange søkte ly for den sure trekken inne i telta på kaia og kosa seg med mat og kaffi.
Dei 22 ungdomane som hadde meldt seg på Camp Norddal, var tøffare enn som så. Dei starta med bli lag-aktivitetar for å bli kjende med kvarandre. Deretter delte gruppa seg i to, den eine delen drog for å klatre og buldre, den andre gruppa deltok på kajakkpadling på fjorden.

Båtar og øl 
Tradisjonen tru var det også i år båtseminar og ølsmaking i Notnaustet. Årets foredragshaldar var Bjørn Jonson Dale, historikar, forfattar og spaltist. Temaet for kvelden var “Frå langskip til jekte” der han mellom anna sette frem teorien at jekta er eit langskip delt i to.
Jonson Dale var ute etter å skape debatt om teoriane sine, og debatt vart det mot slutten av seminaret. Laurdagskvelden vart avslutta med dans på Iverbrygga ut i dei små timar.
 
Helt både dag og natt
Tidlegare år har midtsommardaghelga blitt avslutta med ei matvandring gjennom bygda. I år hadde arrangøren gjort ein ny vri på avslutningsdagen, og kunne i staden tilby to turar i fjellet. Fjellgeitene kunne ta turen frå Herdalssetra og opp på Torvløysa, og denne turen var det 14 personar som gjekk. Petter Melchior rapporterer at dei hadde ein flott tur. Ein flott tur hadde dei hatt dei som tok med seg familien på tur frå Rellingsetra til Daurmålsfjellet også. Greitt turvêr og ein passeleg tur for både store og små, er tilbakemeldingane frå dei som deltok på denne.
 
Takk
Arrangøren har som mange andre, teke i bruk sosiale medium.
På Facebook takkar dei alle som har vore med på dei ulike aktivitetane i helga, både publikum og dei andre som har hjelpt til.
Journalisten sitt inntrykk av at det var fleire besøkande i år enn i fjor, ser ut til å vere rett, for arrangøren melder òg at dei ser ut til å unngå underskot denne gongen.