Dårleg sikt på Rønneberg

For vel ei veke sidan skjedde ei ulykke i krysset kommunevegen og avkøyringa til gardane på øvre Rønneberg då ein gut sykla seg rett på ein lastebil.

1. juli 2010
Britt Ingunn Maurstad

Ikkje så god sikt her nei.

Dei som bur i området har no gått saman og skrive brev til kommunen der dei peikar på fleire punkt på kommunevegen Høgli-Rønneberg dei ønskjer utbetra. I brevet seier dei at det slett ikkje er den første hendinga på denne strekninga, og at noko derfor må gjerast før
ei meir alvorleg ulykke skjer.

Fire punkt
Dei listar opp fire punkt dei ønskjer at kommunen skal utbetre. Det første er sikta i krysset der vegen frå dei øvste tuna på Rønneberg kjem ned på kommunevegen. Der ønskjer dei å få fjerna masse mellom krysset og elva mot nord. Det andre punktet dei tek opp, er attgroinga langs med vegen frå fylkesvegen og opp til brua over Hogsetelva, og dei etterlyser kantslått i god breidde utanfor autovernet. Det tredje punktet er svingen etter denne brua, mot Rønneberg. Svingen er krapp, med dårlig sikt og med ei breidde som gjer at to køyretøy ikkje kan passere. Det siste punktet dei tek opp, er parsellen sør for brua, der sikttilhøva er vanskelege. Vegen smalnar inn mellom to møteplassar, samstundes som der er ein kurve og ein bakketopp.
– Noko må gjerast med tilhøva her oppe. Det er slett ikkje noko kjekt slik det er no, sier ei mor som bur i området.

– Litt uheldig
Yngve Hovden seier til Storfjordnytt at dessverre så skjer det ulykker frå til til annen, men at han er samd i at det krysset bebuarane omtalar er litt uheldig.
– Dette er vi nøydde til å reagere på og gjere noko med, spesielt sidan det er så mange born som bur i området, seier han.
Hovden seier at det dessverre er mange stadar der sikttilhøva ikkje er heilt hundre prosent, men dei er nøydde til å prioritere, og at det ikkje er av vrang vilje at ein ikkje kan ta alt. Når det gjeld tilhøva på Rønnebergvegen, må dei sjå litt på kva løysing som er best. Eitt strakstiltak kan vere å sette ned fartsgrensa ved krysset.
– Vi skal sjå nærare på dette og finne ei løysing for krysset, slik at vi kan betre tryggleiken, spesielt for ungane, avsluttar han.