“Ein kjem ikkje til fjells når ein går på flat veg.” Ein mage trøyst når ein er så trøytt så trøytt i beina og den aller verste kneika står att. Likevel, ein fantastisk tur vart det takk vere eit fantastisk vêr og ikkje minst turfølgjet mitt, Egil Henden, hyttesjefen på Reindalseter. Det var nemleg han som hadde invitert meg med på tur før helga.
Når eg går åleine, koplar eg inn autopiloten. Kroppen veit kvar han skal, så det går av seg sjølv, seier han når vi startar på turen.
Heldigvis var han så grei at han lét meg bestemme tempo og kor ofte vi skulle ta pause. Og pausane vart det mange av etter kvart. Mykje fordi eg trong det, men like mykje fordi det var så mykje fint å sjå, så mykje å ta bilete av. Blomar, vatn som hiv seg nedover i ville stryk i Reindalsfossen, små perler med stille vatn. Ting ein ikkje ser når ein ikkje tek seg bryet med å gå på tur. Og kor herleg det var å nå den siste varden, den som markerte slutten på oppoverbakkane og kor fantastisk vakker dalen som opna seg framfør meg var! Brått var eg verken trøytt eller sliten, det var berre godt å gå.
Sommar utan duppedittar
Vel framme på Reindalseter trefte eg paret som er vertskap der oppe i sommar, Elise Gjærde og Sindre Nakken i tillegg til drengen Bjørn Oksavik og kokken Vidar Roald. Ymse andre var der òg, fjellfolk som hadde overnatta, kjentfolk og andre. Sjeldan har eit glas saft og ein kopp kaffi smakt betre enn då.
Eg undrar meg på korleis det eigentleg er å skulle tilbringe heile sommaren på ei seter, utan mobildekning, utan internett, utan fjernsyn.
Veit du, det er heilt greitt. Det er dei første dagane som er verst, men en ven seg fort til det, seier Elise.
Også kokken Vidar synest det å tilbringe sommaren på setra er heilt supert.
Det er tredje sommaren eg er her. Eg håper det blir tretti til, seier han.
Sjølv om det til tider er hardt arbeid, er dette likevel ferie for han som til vanleg er kokk på fiskebåt. Noko av det han synest er mest utfordrande, er planlegginga.
Vi får varer frakta opp med helikopter kvar tredje veke, så dette med å planlegge behov og bestille rett, er ei utfordring, seier han.
Litt har han å halde seg til, for mange er flinke til å bestille både mat og overnatting på førehand, men du veit aldri kva ekstra fjellfolk som kan finne på å stikke innom. Ein gong hadde dei telt opp bestillingane og funne ut kor mykje middag han skulle lage. Den dagen enda han opp med å lage middag til mest hundre fleire.
Men det er det som er mykje av sjarmen, det at du aldri veit. Dessutan er fjellfolk flest greie og aksepterer litt venting i slike høve, seier han.
Vidar er heller inga typisk fjellgeit, men kosar seg i naturen på sin måte.
Finst det noko betre enn å sitje på trappa ein sommarkveld med noko godt i glaset og berre nyte, spør han.
Vil lokke dei unge
Det er første gongen Elise og Sindre gjer noko slikt som dette. I ni veker skal dei vere her oppe, ni veker så godt som utan dei tekniske duppedittane iallfall eg er så avhengig av.
Tenk så deilig å kunne vere uten. Det er så mykje anna å ta seg til her, seier Elise.
Ho og kjærasten er fulle av idear for korleis ein kan lokke fleire til fjells, og spesielt familiar med born. Dagen før eg kom på besøk, hadde dei fått sett opp lavvoen nede ved vatnet. Her tenkjer dei seg å ta med seg ungane til eventyrstund slik at foreldra kan slappe av litt. Sindre og drengen Bjørn var i full gang med å rydde småskog og lage gangbruer over elva slik at store og små kan lage seg små trebåtar og ha “regatta” ned til vatnet. Kanopadling, fiskekonkurranse og rebusløp er berre nokre av aktivitetane dei har på setra i sommar.
I helga skulle dei få prøve ut ein del av ideane sine, Barnas turlag skulle kome på besøk. Det gledde dei seg til, for dei ønskjer å skape gode opplevingar for store og små.
Det å gjere noko saman, er mangelvare for mange familiar i kvardagen, så det å ha aktivitetar som passar for alle, er noko dei legg stor vekt på.
Det er viktig for oss å få ungane ut på tur. Viss dei
får interesse for fjellet, kjem gjerne foreldra etter, seier Egil Henden.
Han er hytteleiar på Reindalseter. Det vil seie at han leier hyttekomiteen, ei gruppe frivillige som på dugnad held bygningar og anna i stand der oppe. Han kan fortelle at i fjor la dei ned godt over 1000 dugnadstimar der oppe.
Nøgd arbeidsgjevar
Medan eg var der oppe, trefte eg òg dagleg leiar i Ålesund-Sunnmøre Turistforening (ÅST), Linda Flem. Ho stakk oppom ein tur med nokre småting dei “fastbuande” på setra trengde, før ho skulle ned att og ta imot det nye vertskapet på Kaldhusseter, to systrer frå bergenstraktene. Det er ÅST som har arbeidsgjevaransvaret for dei på både Reindalseter og Kaldhusseter, og ho trur denne sommaren blir bra.
Eg er kjempenøgd med det Elise og Sindre har sett i gang med. Vi har lenge snakka om å lokke fleire unge til fjells. Dei aktivitetane dei legg til rette for no, trur eg vil fengje mange, seier ho.
Ho seier det dei siste åra har vore godt belegg på Reindalseter, men ho ønskjer seg meir. Ikkje minst at besøket blir jamnare fordelt slik at ikkje alt går føre seg i helgane.
Olsokarrangement
Laurdag 24. juli er det tid for det som er blitt ein populær tradisjon på Reindalseter, olsok-arrangementet. Då er det liv og røre, aktivitetar for store og små og dans ut i dei små timer laurdagskvelden.
Den helga er det allereie fullbooka her og vi gler oss, seier Elise og Sindre.
Då eg dristar meg til å spørre korleis musikarane fraktar instrumenta sine, får eg vite at dei blir sende opp saman med matforsyningane, men ned att må dei ta instrumenta på ryggen og bere.
Eg torer ikkje tenkje på korleis det er å ha ein tuba på ryggen på tur ned bakkane. Eg var iallfall glad for at eg verken hadde tuba på ryggen eller potetball i magen då vi omsider rusla ned att til Zakariasvatnet og bilen.
|
|
|