Stordalscup i strålande vêr som vanleg |
||||||||
![]() |
Vêrmeldingane varsla regn til stordalscup-helga langt ut i veka før, men då helga endeleg kom vart det ”Stordalscup-vêr” med årets finaste dag så langt på laurdagen. | |||||||
|
||||||||
Hedda Helland i duell med ein motstandar i kvitt i klassa J08. Dei to andre stordalsjentene som følgjer på, er Lone Lorgen Øvrebust og Herdis Kamp. Adrian Nakken var kampleiar. |
||||||||
| Stordalscup kunne i år feire sitt 30 år med 94 lag i klassane frå 7 til 16. I tillegg til fotballkampane, som gjekk frå tidleg laurdag morgon til ut på søndag ettermiddag, var det fredag kveld karnevalstog og musikkmønstring med lokale aktørar, A-lags kamp, ”cheerleading” og gratis konsert med dei lokale gruppene Lady Writers og Child’s Play. Nok å fylle tida med Tivoli, loppemarknad, sals- og utstillingsmesse, lotteri, grill, kiosk og andre ulike aktivitetar og underhaldning gjekk parallelt med kampane gjennom helga, så for dei mange unge spelarane og publikum var det ikkje noko problem å finne noko å fylle tida med i pausane mellom kampane. Ny stablerekord Av aktivitetar ein kunne prøve seg på var mellom anna å skyte med pil og boge, få målt med laser kor hardt ein skyt ballen, skyte med ball mot blink, minigolf, paintballbane og bruskassestabling. Kristian Henden Dahl sette i år ny stablerekord for Stordalscup med 24 kasser. Dansegruppa ”Vestnorge” stod for musikken for mellom 700 og 800 danseglade på utedansen laurdagskvelden, ein dans som vart greit avvikla og gjekk føre seg i fredelege former.Søndag stilte Jonathan Parr opp på stadion og dømde nokre kampar. Han vart intervjua der også, og dei unge kunne stille han spørsmål som han svarte på. Barneaktivitetsveka |
||||||||