Det er arealplanen til Norddal kommune og føresegnene i denne når det gjeld dei mange campingplassane i kommunen, han reagerer på. At kommunen ønskjer å gje dei nye føresegnene tilbakeverkande kraft, er det han reagerer aller mest på, i tillegg til inkonsekvens og at mykje av reglane ikkje er tilpassa det som er standard på marknaden for campingutstyr.
Eg engasjerer meg ikkje så mykje på vegner av meg sjølv, men eg vert opprørt når folk byrjar å snakke om boikott av butikkar og andre tenesteytarar i Norddal kommune, seier han.
Han seier at boikottaksjonar er å rette bakar for smed, at slikt aldri råkar dei ein opphavleg hadde tenkt å råke. I dette høvet ville det vere næringslivet i bygda som ville vere den skadelidande parten, ikkje dei på kommunehuset som protestane eigentleg går mot.
Inkonsekvente reglar
Kan du gje eit døme på inkonsekvens i regelverket?
Det grovaste dømet er der det står at bil kan plasserast i mellomrommet på tre meter mellom campingeiningane. Byrjar det å brenne i ei vogn der ein bil står parkert mellom den og vogna ved sida av, så vil eg ikkje akkurat karakterisere ein bil som brannhemmande, heller tvert om. Det å tillate parkering av bil i ei branngate er ei gedigen sjølvmotseiing og berre beviser at kommunen ikkje har forstått kva dei held på med her, seier han.
Han peikar òg på det inkonsekvente i å lage reglar og så i same andedrag gje rom for dispensasjonar.
Det vatnar ut heile regelverket, for har kommunen først gjeve dispensasjon til ein, så er det vanskeleg å seie nei til den neste som spør.
Grunnlovsstridig
Kva meiner du med at Norddal kommune vil gje føresegna tilbakeverkande kraft?
Det går fram av ordlyden i arealplanen der kommunen seier at for oss som allereie er etablerte på ein campingplass her i kommunen, så må vi i løpet av to år ha utført det som må til for å tilfredsstille reglane. Det vert like dumt som å seie at i og med at den nye plan- og bygningslova seier at alle bustader mellom anna skal ha livsløpsstandard, så må alle eksisterande bustader no byggjast om. Dessutan er det i strid med Grunnlova å gje nye lover tilbakeverkande kraft.
Korleis ville du ha løyst dette om du fekk bestemme?
Eg ville ha sett ein dato som føresegna gjeld frå, der alle etableringar etter denne datoen må følgje det nye regelverket. Det same ved fornying av eksisterande leigekontrakt, at det er først då dei nye reglane slår inn. Det som allereie er bygt opp, må ein la vere i fred, etter mi meining.
I tillegg ville han ha innført maksimumsareal på til dømes 80 kvadratmeter som alle må følgje uansett storleik på vogna, eit areal folk då kan nytte som dei sjølv ønskjer. Dei reglane kommunen no har lagt fram, vil skape problem, seier han.
For å ta eit døme, så er mi vogn 7,20 meter lang. Dermed har eg ein platting som er like lang som vogna. Men kva med den dagen eg finn ut at eg heller vil ha ei mindre vogn. Kva då? Skal eg sage av delar av plattingen, spør han.
Om han fekk bestemme, ville han òg ha endra reglane for høgd på mellom anna leveggar. Kommunen set grensa på 1,40 meter.
Dette tyder nok ein gong på at dei ikkje har noka aning om kva dei driv med. Standard høgd på slike du får kjøpt i butikk, er 1,80 meter. Kvifor i all verda kan ikkje kommunen i det minste nytte mål som svarar til det som er standardmåla i bransjen, spør han.
Noko fornuftig òg
Fjørtoft blar seg gjennom arealplanen saman med Storfjordnytt. Det er ikkje mange punkt han er samd i, men dei finst dei òg. Mellom anna dette med at kvar campingplass utarbeider situasjonsplan over området som viser plassering av vogner, tilkomstvegar, vasspunkt og slikt.
Dette er fornuftig, og eg ser føre meg at spesielt brannvesenet vil ha nytte av slike planar dersom det skulle oppstå brann på ein campingplass.
Møte laurdag
Fjørtoft ser fram til møtet som kommunen har invitert campinggjester og campingeigarar til komande laurdag og han trur svært mange kjem til å møte opp.
Kva vonar du kjem ut av dette møtet?
Eg vonar at vi kan få kommunen til å forstå at reglar er heilt greitt, men at dei må lage reglar som er tilpassa camping. Eg vonar at vi kan ende opp med ei smidig ordning som alle kan vere nøgde med og at kommunen i det minste forstår at dei ikkje har lov til å gje nye føresegner tilbakeverkande kraft. Reglane slik dei no ligg føre, eignar seg berre til å gjere alle til taparar. Det vere seg eigarar og brukarar av campingplassane, næringsliv og også kommunen, avsluttar han.
|
|
|