Glaskunst og grafikk

Årets utstillarar ved Kyrkjehola Kulturbeite var Anne Brit Krag og Bjørn Brusdal.

12. august 2010
John Kristian Hjelle

Bjørn Brusdal stilte ut bilde i svart/kvitt på dei kvite veggane i prestestova.

Anne Brit Krag stilte med utstillinga ”Skimmer” – glas-objekt i Løsetstova medan Bjørn Brusdal stilte med bilete i svart/kvit grafikk i prestestova.
– Det er to allsidige og etablerte kunstnarar vi i år kan presentere, sa Kjell Gunnar Overøye då han presenterte dei før opninga av utstillingane 30. juli.
– Dei har to ganske ulike uttrykk, men også ein del likskapar, mellom anna i ein sterk fantasi som gir kraft og intensitet i dei ferdige kunstverka. Dei har også til felles at dei begge har utgangspunkt i menneske og natur, sa han før han ønskte kunstnarane til lykke med utstillingane.

Glas i alle rom
I Løsetstova hadde Anne Brit Krag plassert kunstverka sine i alle romma.
– Det er utfordrande å stille ut i eit hus med såpass sterk karakter. Kunsten og huset spelar på ein måte på lag, samstundes som det er store kontrastar, sa ho.
– Det er mykje vindu i huset til å vere i eit så gamalt hus, slik fekk eg ideen til å lage glasgardiner og bruke vindua. Ein ser noko av det samme i Rosekyrkja, der rom og dekor skapar ein slags installasjon. Vi har prøvt å få til det same her, fortalde ho.
Anne Brit Krag stilte ut 30-40 ulike glasarbeid og tre tekstilarbeid, og fortalde at
det er tallause måtar å bearbeide glas på med ulike teknikkar til forskjellige bilete.

Grafikk i svart/kvitt
Bjørn Brudal stilte med svart og kvitt grafikk der han hadde nytta teknikkar som mellom anna radering og etsing og kombinasjon av desse. At utstillinga skulle vere i svart/kvitt var bestemt med tanke på dei kvite veggane i prestestova. Han stilte med arbeid der dei eldste var frå heilt tilbake til 1981, medan dei nyaste var frå 2009.
– Eg stiller ut eit utval av gamle og nye ting. Det er ein langvarig prosess teknisk sett å lage nytt, og eg er no så heldig at eg etter kvart har laga ein del å velje mellom, fortalte han.
Vi fanga opp ein kommentar frå ein gjest som såg på bileta:
– Dette var spennande bilde, med mange sterke uttrykk.


– Gode tilbakemeldingar

Publikum gjev gode tilbakemeldingar på Kyrkjehola kulturbeite. Framtida er likevel ikkje avklart.

Kunstuttstillingane avslutta sesongen til Kyrkjehola kulturbeite. Bjørnar Midtbust fortel at mange var innom utstillinga og at det òg var litt sal.
– Korleis har sesongen vore?
– Vi er svært nøgde med det kunstnarlege nivået. Alt har gått etter planen og framføringane har vore gode. Det er kjekt å vere der, og publikum er strålande nøgd. Vi skulle ynskje at fleire fekk med seg dette, seier han.
– Kan sommarferien ha noko å seie?
– Det er både godt og gale, men arrangementa må vere medan det er varmt nok i Rosekyrkja. Vi taper litt på fastbuande som reiser vekk, men vinn òg på tilreisande og hyttefolk. Mange kjem dessutan utanfrå, så vi er vel så mykje eit regionalt som eit lokalt tilbod.
– Blir det ein ny sesong neste år?
– Eg vil ikkje forskottere noko. Vi må sjå på økonomi, motivasjon og arbeidsmengd og ta ei oppsummering på evalueringsmøtet. Tilbakemeldingane frå publikum er klare på at vi må halde fram, seier Bjørnar Midtbust.