God sesong i Geiranger

Litt avhengig av kva du driv med, så har sommaren vore litt opp og ned for reiselivsbedriftene i Geiranger.

19. august 2010
Britt Ingunn Maurstad

Gunnar Norang på Turistinformasjonen i Geiranger gjer råd til to turistar som treng hjelp.

På turistinformasjonen har dei hatt mykje å gjere i sommar, mykje meir enn i fjor. Gunnar Norang kan fortelje om interessante trendar dei har merka seg samanlikna med tidlegare år. Fleire og fleire yngre søreuropearar, det vil seie spanjolar, franskmenn og italienarar, kjem for å gå i fjellet.
– Heilt klart eit resultat av ein kampanje der fokus har vore på fotturar. Og så er det jo morosamt med desse ungdomsgjengane, seier Norang.
Det andre han har merka seg, er at folk jamt over er svært godt orientert om området før dei kjem.
Individuelt reisande frå austen, spesielt frå Korea, er òg ei gruppe som har vakse i år. Koreanarane er både unge og middelaldrande, og dei kjem gjerne åleine. Det som kjenneteiknar dei, er at dei har orientert seg på internett, er oppdaterte og har klart føre seg kva dei vil sjå. Denne gruppa er førebels ikkje spesielt interessert i fotturar.
– Kan hende det heng saman med at dei er pressa på tid. Derfor vil dei sjå dei tinga dei har lest om for så å reise vidare til neste stad. Den vanlige reiseruta for desse er frå Bergen til Geiranger og så direkte opp til Lofoten, seier han.

– Nyhuset er flott
Medan eg er på turistinformasjonen, tek eg turen opp i andre etasje der eg finn Katrin Schirmer i Norsk Fjordservice AS som mellom anna styrer med utflukter, sightseeingbåten – i tillegg til mykje anna. Ho skryter av det bra samarbeidsklimaet dei har hatt i turistbygda i sommar, og av nyhuset.
– Det funkar veldig bra, seier ho.
Ho har også merka seg den auka interessa for fotturar og seier at Unescokartet har vore gull verd i sommar, i tillegg til at stiane er blitt godt rydda og merka.
– Når ein i tillegg har interesserte og dyktige folk i informasjonen, kan det ikkje bli betre, seier ho.

Overnattingsbedriftene
Campingplassane har jamnt over hatt ein god sesong, sjølv om enkelte har irritert seg over vêrmeldingane som har ofte har spådd mykje dårligare vêr enn det har vist seg å vere.
Wenche Dahl på Dalen Gaard Familiecamping seier dei er strålande nøgde med sesongen, til og med juli hadde dei ei auke på om lag ti prosent samanlikna med i fjor.
Hotella ser òg ut til å ha hatt ein tåleleg bra sesong så langt, takk vere dei individuelt reisande norske turistane. Hotellsjef Finn Helge Nustad ved Hotel Union seier at verknadene av finanskrisa på ingen måte er over, for det er framleis nedgang i talet på utanlandske turistar. Slik sett har Hotel Union registrert den same tendensen som ein ser i resten av landet.

Stille i limousinbransjen
Ein som ikkje har hatt nokon spesielt god sesong, er Hallgeir Greger med limousinane sine.
– Sesongen har for min del vore ganske elendig. Det ser ut til at folk, og då spesielt tyskarane, enno merkar finanskrisa og er meir forsiktige med å bruke pengar. I tillegg er det vanskeleg å selje dei lengre turane, seier han.
Nordmenn har òg svikta i sommar, og då er det spesielt bryllupskøyringa som nærast har blitt borte.
– Eg har berre køyrt eitt bryllup i sommar. Det er eg lei meg for, for det er så triveleg, seier han.

Ny parkeringsplass
Utanfor “buda” er det laga til ein gedigen parkeringsplass med rom for både bilar og bussar. Dekorativ rundkøyring har dei også fått og heile området er blitt asfaltert. Rett så fint har det vorte der nede.
Rune Maråk på Joker seier at sesongen totalt sett har vore grei, etter ein treg start.
– Juli månad var som normalt, og avslutinga no i august ser ut til å bli svært bra.
Trenden er med andre ord at sesongen sett under eitt slett ikkje har vore så verst for dei aller fleste i Geiranger.