Konsumbæra har det vore ein auke i. Ho vert plukka same dagen som ho kjem i butikkane, og distribuert av Valldal Grønt sjølve. Men med industribæra har det vore ein skikkeleg dårleg sesong.
Ein større del konsumbær går utover volumet på industribæra. Totalt kjem vi vel ikkje oppe i meir enn om lag 400 tonn og det burde vore 750 til 800 tonn, seier Asgeir Valdal ved Valldal Grønt sitt mottak i Valldal.
Med den varmen som kom denne veka, modnar nok den siste jordbæra og sesongen blir avslutta for dei fleste.
Dette har vore ein rar sesong med ujamn modning og dårleg avling, seier Asgeir Valdal.
Kald vår
Alt er seinare denne sesongen på grunn av det kalde vêret under blomstringa. Tidlegare år har dei fått distribuert bringebær samstundes med jordbæra, men i år er dette òg annleis.
Petter Melchior i Norddal seier at dei kom i gang med plukking av bringebær om lag tre veker seinare enn i fjor. Den 6. august starta plukkinga der for fullt og den veka vart det plukka bra med bær hos dei. Men marknaden er begrensa og det er ikkje så lett å selge bringebæra som konsumbær.
Valldal Grønt prøver å finne andre kanalar for å få ut så mykje som mogleg av bringebær som konsumbær. Morellebæravlinga på Linge har òg vore dårleg og kom så seint at marknaden nærast hadde gløymt dei. Moreller skal kome først av bæra.
Industribær
Senga Sengana er sorten jordbærindustrien vil ha for å lage syltetøy. Den smakar godt som syltetøy og held seg fin og raud, noko forbrukarane gjerne vil at syltetøyet skal vere.
I år har vinterskade og jordbærsnutebille i tillegg til rotning, redusert avlinga akkurat på denne sorten.
Det er det som er grunnen, og så har Senga generelt dårlegare avling enn til dømes Polka, seier Nils Eldar Linge i Landbruk Nordvest.
Det er på valldalssida det er størst reduksjon i avlinga. På Døvingssida er det litt betre.
Valldal Grønt
Sesongen starta seint og marknaden ropte på jordbær frå Valldal. Tidleg i sommar var ferjekøa på Linge kjempelang, men det var ingen jordbærseljarar å sjå.
Då sesongen endeleg kom i gang, vart det levert mykje flott konsumbær til ein marknad med positive prisar, seier Harald Valle i Valldal Grønt, som har om lag 40 produsentar som leverer bær til mottaket.
Plukkarane
På Utigarden i Valldal treffer vi Arnfinn Alnes som ikkje kan hugse at han har hatt dårlegare sesong enn dette året.
Ut i veka er vel det meste over og då reiser plukkarane. Denne sesongen har nærast vore ein katastrofe for dei. Vêrtilhøva har vore optimale i slutten av jordbærsesongen, men det hjelper ikkje det når det ikkje er bær, legg han til.
I det gamle bedehuset på Valdal bur det plukkarar som plukkar for Framgarden og Storstova. Eg snakkar med Renata Cisek, ei ung polsk jente som er her for andre gong.
Det har vore rotne bær og små bær og alle skulle sjølvsagt ønskt det har vore annleis, men eg har hatt det veldig bra den månaden eg har vore her og kjem truleg att også neste år. I går var vi på tur dit, peikar ho, med fingeren sikta inn på Ruggå.
Tysdag dennne veka starta ho på heimturen som tek 39 timar.
|
|
|