Mange besøkte Valldal samdrift

Søndag inviterte Valldal bondelag til open gard på Hjelme.

26. august 2010
Alfred Nilsen

Magnar Vad frå Stordal fekk vite av Knut Ove Myklebust at Valldal samdrift har 70 kyr som i på eit år mjølkar 550.000 liter.

Fellesfjøsen til Valldal samdrift er ein fin plass å vise fram som bonden si framtid. Open gard-arrangementa er ein fin måte å synlegjere arbeidsoppgåvene og arbeidsplassane på gardane.

Mange medlemmer
Kristian Gjerde er leiar i Valldal bondelag på tredje året. Han seier dei er om lag 70 medlemmar i laget. Driftsmedlemmar er dei som driv garden, men det går òg an å vere husstandmedlem. Det er mange fordelar med å vere medlem i laget, seier Kristian Gjerde og vil gjerne ha med fleire.
På Hjelme var det sett opp eit telt. Mat og drikke kunne ein kjøpe, og prat om fortid, notid og tida som kjem, kunne du høyre under teltduken.
I ein brosjyre som låg klar, kunne eg lese at i Norddal
kommune står landbruket for 16 prosent av sysselsetjinga og i Valldal produserer dei halv-parten av industrijordbæra i landet.

Samlingsplass
Mange møtte også opp for å sjå den nye fellesfjøsen og studere den nye teknikken som robotmjølking og fôrautomatar. Nokre sauer hadde òg funne vegen til Hjelme. For dei minste var det sett opp ein natursti med spørsmål frå landbruket.
Målfrid Gjesvik hadde tatt ein tur og hun mintest den tida dei var på Hjelmesetra og mjølka.
– Eg trur ikkje eg var meir enn om lag åtte år då vi byrja å gå på setra, og slutta gjorde eg ikkje før i byrjinga av 50-talet, fortel ho.
– Eg var så redd for vêrane, dét var systra mi også. Eg sat ein gong og mjølka då det kom inn ein vêr i fjøsen. Eg hylte og skvatt oppunder taket og vart hengjande fast i den bjelken som går på tvers. Korleis det gjekk til, kan eg ikkje hugse, smilar Målfrid med eit lite grøss.