| Det er boka Vaffelhjarte av Maria Parr som NRK Super no skal filmatisere. Den handlar om Trille og Lena, to særs oppfinnsame ungar som bur på den vesle plassen Knert-Mathilde på Sunnmøre. Fjernsynskanalen har derfor brukt nokre dagar på å reise rundt på Sunnmøre for å sjå etter plassar som kan passe inn i Maria Parr sitt univers.
Barn med sunnmørsdialekt
Storfjordnytt møtte dei i Liabygda etter at dei først hadde vore og sett seg om på øyane rundt Ålesund. Frå vårt område har dei vorte tipsa om bygder som til dømes Norddal og Fjørå som begge har mykje av det tv-teamet er på jakt etter.
Vi ser etter ein stad med sjø og ferje, men vi må òg ha fjella. Det ideelle hadde vore å finne ein plass som har det meste av dette slik at vi slepp å filme på så mange stader sidan mange av skodespelarane er born, seier produksjonsleiar Magga Fjelltun.
I tillegg til å sjå seg om, er dei også på jakt etter jenter og gutar som snakkar sunnmørsdialekt i alderen 6-13 år til dei ulike rollene. Hovudpersonane Trille og Lena er 8-9 år gamle.
Dei fleste vaksenrollene gårt nok til etablerte skodespelarar, men enkelte figurar i boka trur vi det vert vanskeleg å finne blant desse. Dersom det er vaksne der ute som har lyst til å prøve seg, ønskjer vi også kontakt med dei, seier casting-ansvarleg Øyvind Stephansen.
Kjem de til å ta ei avgjerd på innspelingsstadane no?
Nei, ikkje enno. Denne turen tek vi først og fremst for å gjere oss kjende i området, sjå på avstandar og sjølvsagt også sjå på ulike plassar. Det kan godt hende vi tek ein tur til seinare. Dessutan skal vi jo ha audition ein eller fleire stadar i området, alt avhengig av kor mange som er interesserte og kor dei bur, seier Fjelltun.
Erfarne folk
Atle Knudsen som tidlegare har hatt regi på seriane Linus i svingen og Jul i svingen, har skrive manus og skal òg stå for regien i vaffelhjarteserien.
Planen er å starte innspelinga på nyåret og filme i to økter, den første i februar/mars og den andre i mai/juni, seier han.
Serien som blir på sju episodar, vil bli sendt på NRK Super neste haust, altså i 2011.
Lyst til å prøve?
NRK Super er barnekanalen til NRK, målgruppa er barn mellom to og tolv år. Kanalen skal vere eit lokalt og nasjonalt alternativ til dei store internasjonale aktørane, og har som mål å gje barna gode opplevingar, forteljingar og kunnskap. Mykje av det kanalen sender er eigenprodusert, slik at denne serien føyer seg inn i målsetjinga til kanalen.
Om nokon har lyst til å melde seg på, så er heimesida www.nrksuper.no, staden å klikke seg inn på.
Det står på heimesida at påmeldingsfristen er 10. september?
Ja, det er utgangspunktet vårt. Det er greitt å ha ein dato å halde seg til. Men kjem det interessante søkjarar etter dette, ser vi sjølvsagt på dei òg, seier Stephansen og oppmodar samstundes alle som går med ein skodespelar i magen, om å sende inn påmeldingsskjemaet.
|
|
|