Det var Stordal kommune som hadde teke initiativet til seminaret som gjekk føre seg i Stordalshallen sist torsdag, og naturleg nok var det ordførar Charles Tøsse som ønskte dei om lag 45 frammøtte velkomne.
Dette er bra, tatt i betraktning at det mellom anna er to store dugnader som går føre seg akkurat no, sa han.
Frå Næroset til Moelv
Marit Maurud frå Frisk Fantasi og dagleg leiar i Oppfølgingsenheten Frisk, Harald Odde, var dei som skulle inspirere stordalingane denne kvelden. Frisk Fantasi er eit dotterselskap i Oppfølgingsenheten Frisk som i hovudsak driv med arbeidsretta rehabilitering, mellom anna i samarbeid med NAV og Helse Sør-Øst. Oppfølgingsenheten Frisk omfattar seks verksemder som er spesialiserte einingar som til dømes idrett, barn, bedriftshelseteneste og kompetanse og sjølvsagt fantasidelen som har spesialsert seg på kurs og foredrag. Gjengen i Frisk Fantasi var dei som heldt i trådane i utviklinga av Lucky Næroset.
Vi syntest tankane deira og måten dei arbeider på var så spanande at vi gjerne ville ha dei med på laget. Derfor er vi kjempeglade for at dei ville flytte til Moelv og bli ein del av organisasjonen vår, sa Odde.
I Frisk Fantasi likar vi å snu ting på hovudet, leike med ord og sjå kva som kjem ut i andre enden av kreative løysingar og idear, seier Maurud idet ho tok oss med på ei reise i prosjekt Lucky Næroset.
Sjølv om heile det prosjektet kan verke nokså tøvete, er det alvor bak det. Det handlar om å skape mestringsarenaer, om å gje folk trua på at dei også kan.
Ingen svartmåling
Forsamlinga vart utfordra til å kome med meiningar om begrensningar og utfordringer dei ser i kommunen sin, men Maurud fekk så godt som ingen. Dermed vart den delen av seminaret som skulle omhandle svartmåling, avlyst.
Det er positivt at vi ikkje kan drive med svartmåling her, om enn noko uvanleg. Men det tyder på at mykje fungerer godt, men det er alltid noko ein kan gjere betre eller annleis og det er alltid fleire ressursar ein kan utnytte, sa ho.
Endre tankesett
Odde peika på kor viktig det er å snu om på tenkjemåten og kan hende også organisasjonen i ein kommune.
Administrasjonen må vere botnen i organisasjonen, deretter dei tilsette og øvst kjem innbyggjarane. Administrasjonen si oppgåve er å leggje til rette for at alle tilsette skal kunne gjere ein god jobb. Og gjer dei ein god jobb, så har innbyggjarane det bra, sa han.
Han meinte òg at det ikkje er så stor skilnad på offentlig og privat verksemd, begge må uansett kunne målast på resultat. Han var klar på at verdiane til ein kommune ikkje berre skal stå i ein perm på rådmannskontoret, verdiane må gjerast kjende for alle og arbeidast med kvar dag. Som svar på korleis ein kan få tak i kompetente folk til ulike stillingar i kommune og næringsliv: Ein må skape kompetansemiljø, og ikkje minst eit omdømme av positivitet slik at nokon ønskjer å arbeide der.
Det handlar om korleis vi ser på oss sjølve, anten som enkeltpersonar, bedrift eller kommune. Slik vi ser på oss sjølve, slik ser nemleg andre på oss, sa Maurud.
Vil hauste seinare
Eg vonar at dennne kvelden vil skape inspirasjon til nye tankar og idear. Vi sår litt no for å kunne hauste av kreative innspel seinere. Eg vonar at dette seminaret gjer at vi alle kan tenkje litt annleis når vi er på jobb, er med i lag og organisasjonar og ellers, sa rådmann Torbjørn Emblem før han avslutta kvelden med ein kort presentasjon av Bjørg Jacobsen, nytilsett dagleg leiar av Frivilligsentralen i Stordal kommune.
|
|
|