Stovekonsert med Fribo

– Fole kjekt at så mange kunne kome i slikt surt vêr. Slik takka Anne Sofie Linge Valdal på vegner av Fribo alle dei som på tysdagskvelden fylte opp stova i Paktarstova i Norddal.

2. september 2010
Britt Ingunn Maurstad

Sarah-Jane Summers på fele, Maguns Lundmark på perkusjon, Anne Sofie Linge Valdal på vokal og Ewan MacPherson på gitar.

amnet på ein gard på Orknøyane. Anne Sofie Linge Valdal fortel at i byrjinga, før dei hadde funne eit namn på bandet, så var dei ute og spelte. Ein frå denne garden kontakta dei og meinte at Fribo kunne passe, fordi Orknøyane ligg midtvegs mellom Skottland og Noreg.
– Vi kom til at namnet var godt, for Fribo kan tyde fleire ting, mellom anna ope hus, seier Linge Valdal.
Ho bur i Skottland, i Edinburgh, men er mykje i heimbygda. No kjem dei rett frå Nordsjøfestivalen i Farsund og før det har dei turnert i Canada. No er dei altså på Sunnmøre, men nokon ferie vert det ikkje sjølv om dei har klemt inn eit par fridagar der Linge Valdal har planar om å vise dei andre heimstaden sin.
Denne kvelden spelte dei altså på Paktarstova, onsdagen på Storfjordkonferansen og så går det slag i slag med konsert i Stranda kyrkje torsdag og i Sylte kyrkje fredag.

Bunad møter kilt
Tysdagskvelden heldt dei på i omkring ein time der dei i hovudsak presenterte musikk frå den nye cd-en, men dei hadde òg teke med seg noko eldre materiale. Og underheldt gjorde dei. Eg såg det rykte i foten til mange av dei frammøtte. Hadde det vore plass til å danse, er eg viss på at iallfall nokre publikummarar hadde gjort akkurat det.
Musikken dei spelar er ein snodig miks av norsk folkemusikk, mykje svært lokalt stoff frå området rundt Storfjorden og skotsk folkemusikk med moderne rytmar og lydbilete. Dei set saman ulike låtar og sjangrar, noko som gir musikken deira eit heilt spesielt særpreg. Men svingar gjer det så absolutt når norske folketonar møtar det skotske høglandet.
Eg var vel omtrent den einaste blant publikum som ikkje hadde høyrt om Fribo frå før, og eg vart storleg overraska over det eg fekk høyre. Eg delte bord med Gunnvor Hatlestad, Else Grønningsæter og Anne Nystad, og damene var samde om at dei så absolutt kosa seg med konserten.

Eksotisk
Å spele i Paktarstova synest dei er spennande. Kyrkjer finn ein over alt, og andre konsertlokale er ganske like, men det å spele i eit gamalt trehus er noko nytt.
– Eksotisk på eit vis, spennande og så definitivt noko heilt anna enn det vi er vande med, seier gitaristen Ewan MacPherson som ser fram til resten av tida her på Sunnmøre