Små fingrar plukka store poteter

Dei måtte berre vente til sola hadde kome høgt nok på himmelen til å jage dogg og skuggar vekk frå Bjørstad.

9. september 2010
Alfred Nilsen

Med så mange flittige små hender var det bra det var vaksne til stades som kunne rettleie dei små potetopptakarane.

Med slike flotte haustdagar er det ikkje vanskeleg å finne gode aktivitetar for små nysgjerrige born. For at sola skulle skine på Bjørstad vart klokka om lag tolv.
– Når vi får slike innvitasjonar, takkar vi ikkje nei, seier Kirsten Sunde.
Ho er der saman med to andre vakse og 13 born frå avdelinga Syltefjellet i Syltebøen barnehage. Dei var invitert fram for å plukke poteter, men har gjort mykje meir enn det.
Når eg treffer dei i potetåkeren under rettleing av Kristin Sandnes, er dei veldig ivrige med å plukke poteter. Nokon tar godt tak i potetriset og drar opp og andre står klare med grev og krafsar fram denne velkjende og nyttige grønsaken.

Med heimatt
Før dei kom so langt som å få opp potetene, hadde dei fått køyre med hest og vogn på garden. Dei hadde òg vore på besøk til Sandra Jemtegård på
nabogarden og fått kose med kaninar og sett på nokre flotte høner.
Men no er det potetopptaking, med stor innleving. Dei fekk òg med seg potetene heim att til barnehagen. Kva dei skal lage av dei der, var ikkje heilt bestemt, men dei skulle spisast til slutt.