Vel blåst for andre gong

Byggjande helsearbeid – førebygging og samhandling, var temaet for årets Storfjordkonferanse, og det var førebygging dei aller fleste av talarane var opptekne av.

9. september 2010
Britt Ingunn Maurstad

Ordførar Bjørn Inge Ruset opna konferansen med å introdusere det norskbritiske bandet Fribo på scena

Politisk redaktør i Romsdals Budstikke, Richard Neergaard, var henta inn som konferansier denne dagen. Som den journalisten han er, stilte han godt førebudd, både når det gjaldt å introdusere dei mange talarane og når det gjaldt å stille dei spørsmål undervegs.
Underhaldninga både før konferansen tok til og etter maten var det Fribo som stod for, og det var lagt opp til både kaffipauser, mat og kaker i løpet av dagen. Alt smertefritt gjennomført av Norddal kommune og Fjordhagen i samarbeid med Petrines Gjestgiveri og The Happy End.
 
Utfordringar og potensial
Ordførar Bjørn Inge Ruset ønskte dei vel 70 påmelde velkomne til konferansen.
– I fjor vart det kommentert at det kan hende var i overkant mykje skryt av kommunen, men eg vil no likevel nemne kva som er nytt sidan sist, innleidde han og tok oss gjennom ferdigstilling av Gudbrandsjuvet og Juvet, i tillegg til at han uttrykte stor glede over ny feit, svart og fin asfalt.
– For ikkje å gløyme doen på Linge, verdas flottaste og dyraste do og sannsynlegvis den einaste i landet som er opna av ein minister.
Han stilte òg spørsmål om kvifor det blir tenkt så mykje helse i Norddal kommune og påpeikte at sjølv om kommunen har utfordringar knytte til samhandlingsreforma på line med andre distriktskommunar, så har Norddal eit stort potensial på grunn av Muritunet. Han la òg vekt på at samhandlingsreforma gir nye utfordringar i kommune- og spesialhelsetenesta som fylket er nøydd til å gripe fatt i.
– Vi treng møteplassar og fagleg påfyll, Muriparken vil kunne vere ein slik møteplass, sa han før han avslutta innleiinga med å fortelje at Storfjord helsesenter vil bli bygd neste år.
 
Om reforma
Ordet vart så gitt til Geir-Ketil Hansen, stortingsrepresentant for SV og medlem av helse- og omsorgskomiteen. Han orienterte om dei nasjonale prioriteringane i samhandlingsreforma.
– Det faktiske tilhøvet er at helsetilstanden i folket blir stadig betre. Vi er langt framme innan mange behandlingsformer, men dei aller fleste sjukdommar som vi dør av, er livsstilsrelaterte, sa han.
Dei nasjonale utfordringane i så måte er å prioritere førebygging og tidleg innsats.
– Mykje av det som ligg i samhandlingsreforma, er nettopp å hindre at folk blir sjuke, sa han.
Uansett vil det vere behov for 135.000 nye årsverk i helse og omsorg innan 2030, slik at reforma òg vil vere ein stor utfordring for utdanningssektoren. Kommunane vil få ei ny rolle som følgje av reforma på områda førebygging, diagnostikk, behandling og habilitering/rehabilitering, i tillegg til at det vil bli eit forpliktande system av avtalar mellom kommunar, fylkeskommunar og helseføretaka.
– Samhandlingsreforma høyrest dyr ut. Vil det følgje pengar med reforma, ville konferansier Neergaard vite.
– Det ligg i planen at ho skal fullfinansierast med friske pengar, sa Hansen.
Medfinansieringsordninga skal begrensast, men endeleg finansieringsform er ikkje klar enno og ein ser på ting som til dømes bruk av øyremerking og særskilde tilskot. Ei utfordring er opprettinga av lokalmedisinske senter som er i grenseland mellom primær- og spesialisthelsetenesta. Poenget er å flytte behandlingstilbodet ut til folket og på den måten sikre betre legetenester i kommunen.
– Kva er eit lokalsjukehus og kva er eit lokalmedisinsk senter, ville konferansier Neergaard vite.
– Innhaldet i desse omgrepa skal avklarast i dei nye lovene og nasjonal helseplan som skal ut på høyring no i haust, sa Hansen.
Lovene han viser til, er ny folkehelselov, ny kommunal helse- og omsorgslov og nasjonal helse- og omsorgsplan. Alle blir sende ut på høyring månadsskiftet september/oktober. Høyringsfristen vil bli ved årsskiftet og alt skal handsamast av Stortinget i løpet av vårsesjonen 2011.
På spørsmål om det allereie i haust blir signalisert løyvingar til kommunane til dette arbeidet, svarer Hansen at det ikkje kan vente. Reforma skal fasast inn frå 2012, og dermed skal alt vere vedtatt og avklart i kommuneproposisjonen neste år.