Ny bru til Kvammen i haust

Innhenting av tilbod har vore gjort og Stordal kommune har valt ein tilbydar til bygging av ny Kvammen bru.

16. september 2010
Britt Ingunn Maurstad

Ho ser litt vaklevoren ut, gamlebrua, som skal bytast ut med ei ny.

Ekstern kompetanse har vore henta inn for å sikre at nybrua får naudsynt bereevne. Standardkravet er BK13 (det vil seie eit akseltrykk på 13 tonn).

Tilleggsløyving
I innstillinga til saka i formannskapet sa rådmannen at det ikkje vil vere framtidsretta å klasse ned brua til ei lågare klasse enn BK13. Rådmannen seier også at brua bør realiserast no i haust med bygging av ny bru ved sida av den gamle og så riving av gamlebrua.
Rådmannen meiner at det ryddigaste på alle måter er å løyve dei naudsynte ekstra midlane på 350.000 kroner slik at prosjektet kan sluttførast i den prosessen som no vert sett i gang.

Overraska
– Eg vart litt overraska over at det kjem spørsmål om etterløyving allereie no, men i og for seg, arbeidet må gjerast no medan elva er lita, men då er vi på formell utrygg grunn for arbeidet kan ikkje startast utan eit kommunestyrevedtak, sa Ole Johan Vidhammer (Ap).
– Vi må nytte paragraf 13 slik at arbeidet kan gjennomførast no. Ved siste handsaming stod det att berekningar med tanke på akseltrykk og isføring. Vi kunne ha gått for ei billegare løysing, men då måtte vi hatt begrensningar på brua. Når vi no byggjer, gjer vi det skikkeleg og no er det også lagt inn riving av gamlebrua, sa rådmann Torbjørn Emblem.

Samrøystes
Formannskapet vedtok samrøystes rådmannen sin innstilling om å løyve inntil 350.000 kroner som restfinansiering til Kvammen bru. Samla løyving utgjer då tre millionar kroner.