Skotpremie på rev og kråke

Formannskapet i Stordal kommune gjekk imot rådmannen si innstilling og vedtok samrøystes skotpremie på ikkje berre rev, men òg på kråke.

23. september 2010
Britt Ingunn Maurstad

Rådmannen gjekk i saksutgreiinga imot rådet frå Stordal landbruksråd om å innføre skotpremie på rev. Landbruksrådet si grunngjeving er at reven er eit reelt trugsmål for mellom anna lam og rådyrkalvar. I tillegg tilrår landbruksrådet skotpremie på kråker fordi også dei kan gjere skade på lam, i tillegg til at det vil ha ein positiv innverknad på rype- og skogsfuglbestanden i kommunen.
Rådmannen seier i innstillinga at det er ei kjent sak at reven tek både lam og rådyrkalvar, men at det er vanskeleg å dokumentere omfanget av dette i kroner, slik at lønsemda av å innføre ein slik skotpremie er uviss.

Stor bestand av rev
– Denne saka las eg med interesse. Det er ein kunst å skrive ei sak der du må avslå og formulere deg slik at ein nesten beklagar at ein avslår, humra Ole Johan Vidhammer.
Han sa at reven har vorte temmeleg husvarm og at viltforvaltaren seier at stammen no er på same nivå som i 1970-åra, slik at det ikkje er tvil om at det er rett å minke bestanden. Vidhammer har ingen problem med å innføre skotpremie og la fram sitt eige framlegg til vedtak i saka.
– Landbruksrådet har tatt med kråker også. Den bestanden må vere enorm og kråkene har vorte ei konstant plage, sa han.
– Eg kan ikkje hugse at det har vore så mykje dyr som no. Det er mest som å bu i ein dyrehage. Og kråker? Det kunne godt vore skotpremie på skjora òg, sa Jan Are Remme som med det gav si klare støtte til framlegget til Vidhammer, noko resten av formannskapet også gjorde.

Prøveordning ut 2011
Det blir altså som ei prøveordning innført skotpremie på rev i Stordal kommune med eit tak på 20 dyr i året. Skotpremien blir på til saman 500 kroner per dyr. Det blir òg innført skotpremie på kråke med 20 kroner for kvar fugl og med eit ubegrensa antall. Prøveordninga gjeld i 2010 og 2011 og skal evaluerast før prøvetida er over.