Fryktar dårlegare teneste

Om det regjeringsutnemnde utvalet får det som dei vil, kan mange av dei tenestene som hjelpemiddelsentralen no gir, bli flytta ut til kvar einskild kommune. Det har Ole Johan Vidhammer slett ikkje sansen for.

30. september 2010
Britt Ingunn Maurstad

Ole Johan Vidhammer er ikkje begeistra for innhaldet i Holte-rapporten.

Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne (RFUN) i Stordal kommune handsama på siste møte framlegget som no er ute på høyring om framtidig organisering av hjelpemiddel. Det er eit regjeringsoppnemnd utval, kalla Holte-utvalet, som har arbeidd fram ein NOU (Norsk Offentlig Utredning) der dei tek føre seg korleis ein i framtida skal organisere hjelpemidlar.
 
Bekymra
Leiar av RFUN, Ole Johan Vidhammer, er mildt sagt uroa over framlegget som er på høyring.
– Kva er det du er mest bekymra for?
– Det er overføring av ansvar for både handtering og økonomi til kommunane og oppdeling i sektorar. Dette vil bli eit heilt nytt regime, seier han.
Vidhammer meiner at dette er ei stor sak, for svært mange treng eller vil trenge hjelpemiddel i løpet av livet. Han skjønar heller ikkje kvifor Regjeringa har behov for å endre ei ordning som i det store og heile fungerer, og viser til at Handikapforbundet har undersøkt kor nøgde brukarane er og funne ut at over 80 prosent er nøgde med ordninga slik ho er i dag.

Dette foreslår utvalet
Holte-utvalet foreslår å flytte mykje av ansvaret for hjelpemiddel frå hjelpemiddelsentralane og ut i kommunane, der dei ulike sektorane slik som oppvekst, helse og omsorg og anna skal ha ansvaret. Omlegginga betyr òg at kommunane skal ha eit større ansvar for finansieringa. Ekstra midlar til dette skal etter utvalet sin modell bakast inn i dei ordinære overføringane til kommunane.
RFUN er kritisk til denne omlegginga. Rådet fryktar at livet til dei funksjonshemma vert delt opp i sektorar der dei må vende seg til mange ulike stader for ulike hjelpemiddel som til dømes skule, barnehage, arbeid og daglegliv. RFUN og Vidhammer fryktar at tilgangen på kompetanse og hjelpemiddel vert usikker når retten til hjelpemiddel ikkje lenger skal heimlast i folketrygdlova og seier at tilgangen til hjelpemiddel lett vil kunne bli ei budsjettsak i den einskilde sektor i kommunen, noko som kan føre til at dei som treng slike hjelpemiddel som til dømes barn i skulen, må konkurrere med andre gode føremål om pengar.
– Utvalet seier ingenting om kvar rettane til hjelpemiddel skal heimlast i framtida når det er økonomien som skal styre. No er det ingen tvil, i og med at alle rettane er heimla i paragraf 10 i folketrygdlova. Og berre for å ha sagt det: Hjelpemiddelsentralen på Åse fungerer som berre juling!
Å spreie hjelpemiddelorganiseringa ut på dei ulike sektorane i ein kommmune, er noko Vidhammer er særs skeptisk til.
– Det er mange sektorar i ein kommune. Hadde dette med hjelpemiddel berre vore samla på ein stad, men Holte-utvalet tilrår at det skal spreiast utover på skule, omsorg og anna. Det vil seie at ein brukar med komplekse behov i verste fall må vende seg mange stadar i kommunen for å få dei hjelpemidla dei har behov for. Om tanken var å få bukt med gråsonene, så hjelper iallfall ikkje dette. Tvert om, det vil berre skape fleire gråsoner.

Fryktar dårlegare tenester
Vidhammer ser føre seg problem også på andre område. Hjelpemiddelsentralane har gjennom fleire tiår bygd opp kompetanse på dette området. Som brukar fryktar han dårlegare tenester dersom handteringa blir flytta vekk frå hjelpemiddelsentralen. I tillegg til alt anna ein kommune skal drive med, kan ein ikkje vente at alle små og store kommunar rundt om i landet skal ha kompetanse på alt.
– Einaste løysinga som kan hende kan fungere, er eit interkommunalt samarbeid på dette området, men eg ser føre meg at det kan bli store skilnader frå kommune til kommune på kva tilbod som blir gitt og korleis tenestene vert organisert.
– Du er ikke berre leiar av RFUN, du er òg brukar. Korleis fungerer dagens ordning for deg?
– Eg melder frå til heimesjukepleia om kva eg treng, så kjem dei med eit skjema som vert fylt ut. Skjemaet fungerer som ein søknad som heimesjukepleia sender vidare til hjelpemiddelsentralen. Om eg fyller kriteria for hjelpemiddelet, så vert vara levert anten på døra heime hos meg eller til heimesjukepleien. Om det er ting som krev montering, kjem vara levert på døra av ein montør. Ordninga fungerer godt, synest eg.

Organisasjonar kritiske
Fleire organisasjonar for funksjonshemma, mellom anna Norges Handikapforbund og Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon, stiller seg svært kritiske til mellom anna å fjerne delar av rettane til hjelpemiddel frå folketrygda. Handikapforbundet seier i ein uttale at det viktigaste med dagens ordning der rettane er heimla i folketrygdlova med statleg finansiering, er at brukarane er sikra eit tilnærma likeverdig tilbod uavhengig av bustad, alder og økonomi. Vidare seier forbundet at ei oppsplitting av eit heilskapeleg tilbod vil sette systemet 30 år attende i tid, mellom anna fordi det i dag ikkje er nokon tilfredsstillande forvaltningsstruktur å henge eit nytt system på. Forbundet etterlyser òg ei konsekvensutgreiing av Holte-utvalet sitt framlegg ettersom dei tvilar dei på at tilrådingane frå utvalet vil resultere i meir effektiv bruk av ressursar.
RFUN har ikkje sjølvstendig uttalerett og har derfor formidla sitt syn på saka til Stordal kommune. Arbeidsdepartementet har sett høyringsfristen til 15. oktober og Vidhammer vonar at departementet lyttar til dei som kjem med innspel, spesielt organisasjonane.