| Årleg får norske bønder kring tre milliardar kroner i arealtilskot. Avisa Nationen skriv at dei fleste har oppgitt for stort areal, og at dette viser seg gjennom flyfotografering som har gått føre seg sidan 2003.
Ingen juksemakarar
Norddal er ein av mange sunnmørskommunar som har teke i bruk digitale kart. Arealet på dei fleste gardsbruka har blitt justert ned etter det.
Stort sett alle synest det er greitt, sjølv om somme har reagert på store reduksjonar. Dette er eit landsdekkjande system basert på politisk vedtak som faglaga òg har godkjent, seier næringssjef Toralv Klokkehaug.
Han fortel at han ikkje har avslørt det han kallar juksemakarar i Norddal.
Dei som har oppgitt for stort areal, har handla i god tru. Areal som har vore oppgitt i gamle dokument og kart, har ikkje vore justerte for naturlege endringar. Det er heller snakk om at ein ikkje veit korleis dette fungerer eller kvar grensene skal gå. Dessutan må vi bruke skjønn: Kva er til dømes beiteareal? Oppgåva vår er å få eit rett og rimeleg og forståeleg skjønn, seier han.
Attgroing
Dei fleste gardbrukarar opplever at arealet går ned i denne kartleggingsprosessen.
Attgroing er ei årsak, ei anna er at areal som er ute av drift, ikkje har blitt følgt opp i samband med nye søknader. Eventuelt at nyrydding eller nydyrking som gjer arealet større, ikkje har blitt teke med i ein ny søknad.
Nærringssjefen viser òg til at avgrensing av areal kan vere vanskeleg.
Kva er plen og kva er slåttemark? Somme slår heilt inntil husa. Det som blir slått med plenklippar, er plen. Ei anna avgrensing er dei som slår heilt inn til vegar eller bratte skråningar.
Lett på nett
I Norddal er alle gardskart og bustadeigedomar tilgjengelege på nettet.
Alle gardsbruk har fått karta til gjennomsyn. Om karta inneheld feil til dømes i bytet mot nabogarden, kan vi få retta opp i det, forklarer næringssjefen.
Om arealet det er søkt produksjonstilskot for ikkje stemmer med kartet, får vi automatisk feilmelding. Poenget er å få kartet til å passe med terrenget, slik at det ikkje blir nokon diskusjon om kva som er dyrka mark eller beitemark. Utfordringa er innmarksbeite.
Toralv Klokkehaug forklarer at areal som er attgrodd, må takast ut. Alternativet er å rydde og gjerde inn området slik at arealet blir utvida.
Lågare tilskot
At dei fleste gardbrukarar får redusert areal fører til at produksjonstilskotet blir lågare. Næringssjefen er usikker på kva det vil ha å seie for kommunen.
Ingen er ute etter å ta nokon. Vi er opptekne av at alle blir behandla likt og at arealet blir korrekt, som vi er pålagt frå høgste hald. Arbeidet er tidkrevjande og prosessen går kontinuerleg sidan areal går inn og ut. Mange er ikkje klar over at dei må sjekke dette sjølv, seier Toralv Klokkehaug.
Næringssjefen har med seg Monika Høydal Lingaas og Einar Lied i gardskartarbeidet. Sistnemnde har det tekniske ansvaret for justeringar i karta.
|
|
|