Fin haustfest for Ruggå 4H |
||||||||
![]() |
Åtte medlemmar stilte ut prosjekta sine på Haustfesten til 4H i Fjørå søndag. | |||||||
|
||||||||
Alle medlemmane etter utdeling av merka: Frå venstre: Anne-Sofie Almstad, Lill-Mari Remset, Lene Vikene, Renate Vikene, Celina Tafjord Iversen, Tonje Tafjord Iversen, Rolf Vikene og Susann Vikene. |
||||||||
| Alle dei åtte prosjekta vart godkjende. Det var ein grei jobb, sa instruktør i Møre og Romsdal 4H, May Britt Skjortnes. Prosjekta var veldig bra, ingen av prosjekta var i faresona for ikkje å verte godkjent. Prosjekta Ho og Caroline Remset hadde saman vurdert prosjekta, og May Britt Skjortnes fortalde at ho tykte at det var kjekt at det var så mange ulike type prosjekt. Det er kjekt at det kan vere prosjekt der ein får vere med på noko anna enn det ein driv med til vanleg, ein lærer ein del på den måten, samstundes kan det også vere lurt å kombinere ein hobby med eit 4H-prosjekt, sa ho. Mellom prosjekta som var synt fram på haustfesten fann ein eksempel på begge deler. Dei som stilte ut og fekk prosjekta sin godkjende, var Lill-Mari Remset som fekk aspirantmerke med prosjektet ”Kustell”, Rolf Vikene som fekk aspirantmerke med prosjektet ”Fotball”, Renate Vikene som fekk aspirantmerke med prosjektet ”Fele”, Celina Tafjord Iversen som fekk aspirantmerke med prosjektet ”Form og fantasi”, Lene Vikene som fekk bronsemerke med prosjektet ”Alpint”, Tonje Tafjord Iversen som fekk sølvmerke med prosjektet ”Vi baker”, Anne-Sofie Almstad som fekk gullmerke med prosjektet ”Hund”, og Susann Vikene som fekk gullmerke med prosjektet ”Sau”. Underhaldning Elles vart aktiviteten i klubben gjennom året som har gått oppsummert av Susann Vikene og Tonje Tafjord Iversen. Det var tombola og sal av kaffi, saft og kaker. I tillegg var det var quiz og medlemmane underheldt med både song og dans. 4H Noreg 75 år |
||||||||