Populær langrennsamling

Med 92 deltakarar vart det i helga for tredje år på rad arrangert treningssamling i langrenn med utgangspunkt i Stordalshallen og Kirkebø stadion.

7. oktober 2010
John Kristian Hjelle

Alle 92 deltakarane på langrennssamlinga samla i Stordalshallen fredag kveld. Foto: Hallgeir Hove

Samlinga er for dei i aldersgruppa 11-16 år, og deltakarane kjem hovudsakleg frå klubbar på Sunnmøre og i Romsdal. Deltakarlista syner at 19 klubbar var representerte.

Auke på 40 prosent
92 deltakarar er ein auke på 40 prosent frå fjorårets 66, men Pål Bjørn Øvrebust, trenar og sportsleg ansvarleg i langrennsgruppa i Stordal IL, trur endå fleire kan delta.
– Grensa for deltakartal ligg nok ikkje på kor mange ein kan handtere i Stordalshallen og anlegget rundt, men meir på potensialet. Sjølv om det ikkje er noko målsetjing i seg sjølv, vil vi kanskje neste år nå 100 deltakarar, og det skal vi nok handtere. Målet er å ha god kvalitet på opplegget til dei som er med, uavhengig av tal. Men at så mange er med syner at interessa for langrenn er stigande, og at det vert gjort ein god jobb rundt om i mange klubbar.
Pål Bjørn Øvrebust fortel at nokre av måla med samlinga er at ein skapar eit miljø, at utøvarane vert kjende med kvarandre, og at ein gjennom trenarane som er med, får formidla teknikk og treningsprinsipp som utøvarane kan ta med seg tilbake eigen klubb og trening.
– Dette er ein stordugnad for langrennsgruppa. Alle har gjort ein kjempejobb på mange område. Det er mellom anna servert sju-åtte måltid gjennom helga, fortel han.
Pål Bjørn er veldig godt nøgd med dei unge trenarane som er med frå skigymnaset.
– Dei er unge, men allereie godt skulerte. Vi har fått mange gode tilbakemeldingar frå ungane. Dei er gode førebilete for dei yngre utøvarane.

Unge trenarar
Rundt eit bord ved lunsjtider søndag sit Helga Løset Skodjereite, Martine Lorgen Øvrebust, Kristin Solberg, Anne Kristin Hoel, Elisabeth Hole og Tiril Olin Vestre Røkke. Helga, Martine og Tiril Olin representerer Stordal, og er med på samlinga som utøvarar. Kristin (Stordal), Anne Kristin (Valldal) og Elisabeth (Stranda) går på skigymnaset på Stranda, er med på krinslaget og er med som trenarar på samlinga.
Dei fortel at det er ein god del nye andlet å sjå på samlinga mellom dei yngste, noko som vitnar om god rekruttering. Dei tykkjer det er ein fordel at det er mange med, då får ein betre matching og fleire å konkurrere mot på treningane, og dei vert kjende med fleire av dei aktive. Dei unge trenarane fortel at det har gått greitt å gjennomføre treningsøktene.
– Vi har hatt dei yngste gruppene, på mellom anna barmark og ”elghufs” . Det har gått på teknikk og leik. Det skal vere kjekt å trene, seier dei.

Låkt over alt
Emblemsjentene Vilde Årøen Lykke, Ingrid Nerem, Sigrid Ertresvåg Jakobsen, Ingrid Lundanes og Martha Skogeng Reiten har overnatta i Stordalshallen i helga. Dei var med i fjor også, og to av dei var også med første året.
– Det har vore veldig gode treningar, Geir Marius Øie og Lars Anders Hoel frå skigymnaset som trena oss i går, er flinke. Vi har lært mykje, seier dei.
Dei meiner at sjølv om det er gøy, er det nok med to dagar, og det skal verte godt å kome heim og leggje seg.
– Eg har låkt over alt, seier Martha med eit smil.
– Har de fått sove i hallen då?
– Ja... Dei dreg på det.
– Det var litt bråkete første natta, men vi fekk no sove til slutt.
– Er de klare til å starte oppkøyringa til ein ny sesong no då?
– Ja!, svarer dei i kor.

– Godt organisert
Frå Eidsdal deltok Martinus Rønneberg og søstrene Kristina Maria og Ingrid Birgitte Løvoll. Saman med dei i Stordal var også leiar i skigruppa i Eidsdal IL, og mor til Martinus, Merete Løvoll Rønneberg.
– Det er flott at så mange er med, seier Merete.
– Det er eit godt organisert og bra opplegg, og kjempeflott at så mange unge trenarar er med. Eg tenkjer det er ein gjeng som kjem til å slokne fort i kveld. Det er aktivitet heile tida, sjølv i pausane, seier ho medan ballane susar rundt oss inne i hallen.