Loppemarknad med vri |
||||||||
![]() |
Laurdag arrangerte Eidsdal-Norddal Røde Kors loppemarknad der inntekta skulle gå til flaumoffera i Pakistan. | |||||||
|
||||||||
Mykje glas var å få kjøpt, både med og utan stett |
||||||||
| Mykje folk, både unge og eldre, hadde funne vegen til Røde Kors-huset i det fine haustvêret. Mange av dei besøkande sa at det var ekstra interessant å ta turen ettersom inntektene ville gå til eit slikt godt føremål. Som vanleg var det mykje å sjå på av lopper, sjølv om dei etter i fjor har reinska ut ein god del av ”gjengangarane”. Det vil seie ting dei har drege på i fleire år som dei ikkje har fått selt. Sveler og kaffi var òg populært denne laurdagen, faktisk var det nesten tomt for sveler då Storfjordnytt besøkte loppemarknaden ein times tid ute i salet. Ho nyttar samstundes høvet til å takke for all støtte, både frå dei som har gjeve lopper, dei som handla og dei som var med og hjelpte til med å få loppemarknaden i stand. |
||||||||