Flytebryggje med kraft og kloakk |
||||||||
![]() |
Flytebryggjer med tilgang til straum og handtering av kloakk og spillvatn kan bli ilandstigingsbryggje for cruisepassasjerar. | |||||||
|
||||||||
To hundre meter pontong gjev 400 meter kai når to skip ligg til same flytebryggje. Illustrasjon: Fjord Pontoon Norway AS |
||||||||
| Før formannskapsmøtet måndag var styreleiar Johan Fredrik Aasen og administrerande direktør Aslak Lefdal frå Fjord Pontoon Norway AS invitert for å presentere ein ny type flytebryggjer. Bryggjene som erstattar vanlege betongkaier, er bygde som båtskrog og rommar fleire funksjonar som selskapet meiner reiarlaga etterspør i større grad. Johan Fredrik Aasen viste til fleire fordelar som flytebryggjene har. Cruiseskipa kan leggje til kai slik at slepebåtar ikkje er naudsynte. Ei åtte meter lang bru knyter flytebryggja til land. Fire bussar kan stå på flytebryggja på same tid. Pontongen er bygt som eit skrog som har 15 års intervall for service. Han viste òg til at flytebryggja kan flyttast på 24 timar om til dømes flodbølgje-alarmen skulle gå. Cruiseskip treng enorme mengder energi. På ti timar brukar dei 40.000 kilowattimar, like mykje som to einebustader brukar på eitt år. Det er ingen tvil om at marknaden er stor. Ikkje minst er det fleire båtar enn det er plass til, som vil til Geiranger. I løpet av ein toårsperiode burde ein kunne få 20-30 anløp, meinte Johan Fredrik Aasen. |
||||||||