Ein 35-åring full av sjølvtillit

Eidsdal skulekorps som dei no heiter, er 35 år i desse dagar og søndag heldt dei ein flott konsert på skulen i Eidsdal.

21. oktober 2010
Alfred Nilsen

I ti år har Jan Helge Andreassen dirigert medlemmane i Eidsdal skulekorps.

Dirigenten deira, Jan Helge Andreassen, har vore i korpset i ti år. Han kom inn i salen med ein raud løpar. Løparen heitte Ragnhild Solli Grønningsæter og var programleiar resten av konserten.

Mange og mykje
Gamle styreprotokollar vart leste opp viste at mange har vore med og jobba for korpset med sitt engasjement. Anne Løvoll og Egil Berge var sentrale personar saman med Anton Skarstein og Svanhild Veiberg. Dirigentar har det vore ni av i korpshistoria. Ein av dei, Odd Fossum, gjorde korpset om til brassband (berre messingblåsarar), noko som sikkert var eit lurt trekk.
Foreldregruppa har, før som no, vore ei stor støtte for korpset. Ragnhild takka alle damene som har stått på med julemessa alle desse åra. Oddbjørn Aarset skulle få ein bukett med blomar fordi han har køyrt korpset 17. mai kvart år. Han var diverre ikkje til stades, men blomane fann vel vegen dit.
Korpset var fullt av sjølvtillitt og dei hadde ikkje noko problem med å gjennomføre ein konserten med sju medlemmer på ferie. Jan Helge fortel historier mellom låtane, ei av dei var om komponisten Goff Richards som var så fasinert over landskapet då dei køyrde med bil inn til Tafjorden at han nærast hadde ein låt på blokka kvar gong dei kom ut av ein tunnel. ”One Day” var ein av dei som korpset spelte denne dagen med Ingrid Birgitte Løvoll som solist. Det var trøkk på mange av låtane korpset spelte denne dagen, og vart og fint i ”Gammel Maria vise”.

Gratulasjonar
I korpset denne dagen satt ein valldaling. Han spelte trombone og representerte Valldal skulekorps. Anders Jørgen Gjerde fann fram blomar som han overrekte Anne Kari Gutsveen Ytterdal, som er leiar for Eidsdal skulekorpset. Namnet ”skulekorps” har dei nettopp tatt på grunn av noko tekniske greier i organisasjonen.
– Dokke har eit flott korps her i Eidsdal. Det må dokke berre vere klar over, sa Andres Jørgen.
– Og det er ikkje enkle stykke dokke har valt å spele, la han til.
Ein må vel seie at han har lang erfaring i korpssamanheng og engasjement var stikkordet han brukte for at korpsarbeidet skulle lukkast.
– Engasjert er noko alle må vere om du er medlem, dirigent eller foreldre, fortalde han.
Karianne Vikene hadde òg med blomar og gratulasjonar på vegner av Valldal hornmusikklag, i tillegg til noko godis som kunne brukast på medlemmane ved høve. Ho la ikkje skjul på at Hornmusikken i Valldal gjerne ville ha med fleire medlemmer frå korpset i Eidsdal.
Ragnhild Solli Grønningsæter og Anne Kari Gutsveen Ytterdal takka Jan Helge Andreassen for dei ti åra han har vore ein engasjert medspelar og håper han ville fortesett i ti år til. Det vanka gåvar og mange godord frå ein særs kreativ programleiar denne søndagsettermiddagen.